Hopp til innhald

IDF306 Fordjupning klatring

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om sportsklatring og buldring. Studenten skal lære om sikringsmetodar og "metodesettet" for sportsklatring ute og inne. Fordjuping klatring vil gjennomgå teori og praksis som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og strukturering av klatreøkter. Ved å fokusere på trenar/lærar/instruktørrolla vil studenten få øving med å rettleie klatrarar til ferdigheitsutvikling i klatring. Studentane får tilbod om å ta kurset "Klatreinstruktør Inne" og Trenar 1 kurs fra Norges Klatreforbund (NKF). I tillegg får studentane med klatreerfaring ute tilbod om å ta Norsk Fjellsportforum (NF) sitt klatreinstruktør sport 1 kurs. I sum gir dette emnet studentane moglegheit til å jobba som klatretrenar med barn og unge, halde grunnkurs i klatring inne (led, topptau, autobelay), samt moglegheit til å jobba som instruktør ute på lavlandsklipper, om ein er kvalifisert.

Fagtilbodet avheng av at det er nok søkarar til emna, samt at det ved nokre av valemna er eit avgrensa tal plassar. Ved konkurranse om plass på emne, vil karaktersnitt og studieprogresjon ligge til grunn for opptaket.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om trygg klatring og buldring som gruppeaktivitet på innendørs klatreanlegg
  • har kunnskap om treningslære for klatring
  • har kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute

Ferdigheitar

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre trygge gruppeaktivitetar i klatring og buldring på innendørs klatresenter
  • kan planlegge og gjennomføre klatreøkter med barn, ungdom og vaksne innafor fysiske, mentale og tekniske egenskapar i klatring
  • kan planlegge og gjennomføre NKF «grunnkurs inne» og gjennomføre «brattkort prøver»
  • kan nytte klatrefelt ute på ein trygg måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne
  • har generell kompetanse om trenarrolla i klatring
  • kvalifisere til NKF Klatreinstruktør inne
  • kjenner til risiko ved klatring, og korleis redusera risiko for ulykker

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng friluftsliv, idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv, anna relevant utdanning eller 3 års relevant arbeidserfaring.

Tilrådde forkunnskapar

  • Studenten må inneha brattkort
  • Ein må ha klatra eitt år for å kunne ta kurset; NKF Klatreinstruktør Inne.
  • Sjå krav for NKF Trenar 1 og NF klatreinstruktør sport 1 om ein vil kvalifisere seg til desse (valfritt).

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid, framlegging og praktiske klatreøkter. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. I trener 1 kurset er det lagt opp til at studenten får ha ein kort praksis med ei gruppe frå barne-og ungdomsklatringa til Sogndal Klatreklubb. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til turplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.

Ekskursjon:

  • Sportsklatring/buldring ute (*NF Sportsklatreinstruktør), 2-3 dagar

*Dersom studenten er prekvalifisert, får dei tilbod om NF klatreinstruktør sport 1 kurs.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar, knytt til læringsutbytte om å ha kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute
  • Deltaking på NKF Klatreinstruktør Inne, knytt til læringsutbytte om å kunne planlegge og gjennomføre gruppeaktivitetar på klatrevegg inne og i buldrevegg, på ein trygg måte
  • Fleire skriftlege individuelle arbeid, knytt til læringsutbytte om å kunne organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne, samt kunnskap om treningslære

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for alternative arbeidskrav.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel