BRL112 Entreprenørskapsøkonomi og finansiering
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Innhold og oppbygging:
Studentane vil lære på kva måtar entreprenørfinans skiller seg frå tradisjonell bedriftsøkonomi og om aktuelle teoriar som kan forklare oppstart og finansiering av gründerselskap. Vidare vil studentane lære om ulike bedriftsøkonomiske og entreprenørfinansielle verdsettingsmedodar for både mindre og større vekstbedrifter.
Studentane skal også kunne utleie ein finansiell forretningsmodell rundt eit gitt case. Caset kan være ein eigen forretningsidé eller eit som vert gitt i kurset. Studentane skal lære å utarbeide og budsjettere realistiske og lønnsomme vekstscenario, kunne vurdere case opp mot ulike verdisettingsmetoder, og utleie ein finansieringsplan.
Læringsutbytte
Kunnskap.
Studentane kjenner:
- føremålet med eit finansrekneskap
- føremålet med den finansielle delen av ein forretningsplan, pitch eller investorpresentasjon
- samanhengen mellom kostnader i ein utviklingsfase og inntekter i ein vekstfase
- økonomisk styring og planlegging gjennom oppstartsbedrifts sin "dødens dal" og tidlig livssyklus
Dugleikar
Studentane kan:
- konkretisere og budsjette ein forretningsidé til på eit nivå som skal være tilstrekkelig for presentasjon til verkemiddelapparatet, bankar og investorar
- forstå kva særeigne utfordringar som gjeld for usikre innovasjonsprosjekt og oppstartsbedrifter med høgare grad av risiko
- gjere vurderingar av andre forretningsmodellar, oppstartsbedrifter eller vekstcase frå perspektivet til ein tilbydar av oppstart-/vekstfinansiering
- utvise kritisk sans ved vurdering av tidligfasebedrifter og finansieringsaspekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet. BRL111 - Økonomistyring for reiselivsverksemder.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt naudsynt arbeidskrav.
Vurderingsform
Skuleeksamen (4 timer)
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BRL101 - Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I - Reduksjon: 4 studiepoeng
- BRL102 - Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II - Reduksjon: 3,5 studiepoeng