Hopp til innhald

ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Studentane lærer korleis dei skal gjennomføre eit forskningsprosjekt, kva utfordringar som kan oppstå og kva val ein må ta. Emne går igjennom alle fasane i eit forskingsprosjekt. Frå utvikling av problemstilling, val av undersøkingsdesign og innsamling av data, til analyse, drøfting/tolkning og presentasjon av funn/resultat. Personvern og etikk i undersøkingar er tema i alle fasane. Det vert også gitt ein kort innføring i vitskapsteori.

Det vert undervist både i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode. Studentane lærer også om digitale forskingsmetodar og då spesielt bruk av internett og sosiale medium som sekundærdata.

Tilrettelegging

Studentar med rett på tilrettelegging kan søkje om å få gjennomføre emnet i ei mindre gruppe.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal kunne gjere greie for;

  • sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og tenkjemåtar.
  • grunnleggande trekk ved gjennomføring av samfunnsvitskaplege undersøkingar.
  • korleis ein planlegg samfunnsvitskaplege undersøkingar.
  • korleis ein skal nytta teori for å gi retning til kvalitative og kvantitative undersøkingar.
  • kvalitative og kvantitative datainnsamlingsmetodar og analysar og korleis desse metodane kan kombinerast.
  • digitale forskingsmetodar og dei særlege fortrinna og utfordringane knytt til desse metodane.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne;

  • formulere problemstillingar og hypotesar for ulike undersøkingar.
  • velje mellom ulike undersøkingsdesign og datainnsamlingsteknikkar.
  • gjennomføre kvalitative og kvantitative dataanalysar, inkludert enkelte digitale metodar.
  • kvalitetssikre datainnsamling, dataanalyse og tolking av funn.
  • gjennomføre sjølvstendige kvalitetsvurderingar av forsking.
  • vere i stand til å planlegge og gjennomføre undersøkingar under rettleiing og rapportere funna.
  • vise evne til å kommunisere innhaldet i analysar, metodeval, resultat og føresetnadar både skriftleg og munnleg.
  • identifisere og handtere utfordringar knytt til etikk og personvern ved planlegging og gjennomføring av undersøkingar.

Generell kompetanse

Studenten skal;

  • vise vera ansvarleg, vise evne til kritisk tenking og forskingsetisk refleksjon.
  • vise evne til kjeldekritiske vurderingar og refleksjon over eigen metodefagleg praksis.
  • lese, kritisere og andvende vitskapleg publisert kunnskap innan fagområda til studie.
  • kunne samhandle om planlegginge av undersøkingar og gjennomføring av arbeidsoppgåver i grupper.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ME6-1001 Statistikk, BØA115 Statistikk for økonomer, eller tilsvarende kunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

Emne har tre intensive undervisningsbolkar og er knytt til læringsmappa. Bolkane inneheld forelesingar, gruppearbeid og diskusjonar. Studentane må førebu seg til undervisingsbolkane, mellom bolkane må studentane jobbe sjølvstendig og i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske læringsaktivitetar:

  1. Skissa
    1. Levere inn utkast på gruppeoppgåva, minimum 1500 ord.
    2. Planlegge og gjennomføre ein presentasjon av dette utkastet (punkt 1 ovenfor) og delta i ein diskusjon med faglærar(ane) om korleis utkastet kan forbetrast
  2. Individuell oppgåve
    1. Levere inn utkast på individuell oppgåve (ei av dei to, kva for ei vert oppgitt ved oppstart av emne, minimum 500 ord.
    2. Gi tilbakemelding på tildelt utkast frå ein medstudent

Alle læringsaktivitetane må vere levert/gjennomført innan fastsette fristar for at studenten kan få levere vurderingsmappe. For å få gjennomføre aktivitet 1.2 og 2.2 må aktivitet 1.1. og 2.1 vere godkjent.

Studentar som kan dokumentere eigen sjukdom, alvorleg sjukdom i nær familie eller liknande, kan be om å få utsatt frist for innlevering (normalt 3 dagar), men ein må be om dette før fristen er ute.

Gruppearbeidet er en prøve på samhandling, studenter som ikkje bidreg tilstrekkeleg kan takast ut av gruppa og kan då få ikkje godkjent emne, sjølv før den skriftlege delen av arbeidet er levert.

Læringsaktivitetane er gyldige i påfølgjande semester, eller fram til neste semester det vert undervist i emne.

Vurderingsform

Mappevurdering med læringsmappe og vurderingsmappe. Vurderingsmappa får ein samla karakter.

Karakterskala A-F, der D svara til ikkje greidd.

Læringsmappa inneheld:

  • Skisse til ei undersøking i gruppe på 3-4 studentar (tekst). Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 6500 ord.
  • To individuelle oppgåver (tekst). Oppgåvene skal ha eit omfang på inntil 2500 ord kvar.

Vurderingsmappa inneheld:

  • Skissa.
  • Ei individuell oppgåve trekt frå læringsmappa.

Ved ikkje greidd kan studenten levere ein forbetra versjon av mappa til ny vurdering i påfølgande semester (konte).

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØKB2124 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØMO111 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 7,5 studiepoeng