Hopp til innhald

MGUPE201 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 2 - Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget er oppseding, utdanning og danning.  

Gjennom dette emnet skal studentane vidareutvikle kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendige for å skape eit godt læringsmiljø for alle elevane i ein skule prega av sosialt-, kulturelt- og religiøst mangfald.  

Studentane skal vidare utvikle eit reflektert og kritisk forskarperspektiv på skulen som pedagogisk verksemd. Eigen praksis skal vidareutviklast gjennom opplæring i vitskaplege tenkjemåtar retta mot ulike FoU-prosjekt i skulen.   

Emnet er det andre av fire emne som til saman utgjer 60 studiepoeng i faget Pedagogikk og elevkunnskap. Emnet har som mål å styrke studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse til skaping av konstruktive og inkluderande læringsmiljø. Målsetjinga er at dette skal skapast i ein fleirkulturell, religiøs og mangfaldig samfunns- og læringskontekst. Tema som blir vektlagde i dette emnet er:   

1. Mangfald og inkluderande læringsmiljø   

2. Tilpassa opplæring og individuell tilrettelagd opplæring 

3. Verdigrunnlaget til den norske skulen  

4. Skulen sine samarbeidspartnarar 

r 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:  

Kunnskap 

Studenten skal ha kunnskap om  

  • elevane si kognitive, emosjonelle, kroppslege og sosiale utvikling, og vidare ha fokus på elevane si identitetsutvikling
  • ulike lærevanskar og elevar sine tilpassings- og åtferdsutfordringar, samt korleis desse kjem til syne i opplæringa  
  • barn i vanskelege livssituasjonar 
  • sentrale religionar og livssyn i Norge og kva betydning desse har for elevane i skulen 
  • sentrale prinsipp som fremmer ei inkluderande og tilpassa opplæring  
  • korleis læraren sin fleirkulturelle kompetanse, samt relasjons- og samhandlingskompetanse, kan bidra til å forebygge for mobbing og utanforskap
  • norsk skule og samfunn i lys av kristen og humanistisk tradisjon, kulturelt mangfald, sekularisering, pluralisme og fundamentalisme 
  • skulen sine samarbeidspartnarar og korleis desse bidreg til å sikre ein god oppvekst for skulebarn
  • vitskapleg og metodisk utforming av FoU-prosjekt knytt til fag og praksis  

Ferdigheiter 

Studenten skal kunne 

  • grunngje, formidle og bruke dokument om menneskerettar og rettane barn i grunnskulen har til opplæring
  • drøfte og reflektere over korleis læraren, i samarbeid med elevar og foreldre, kan ivareta livssynsmangfald  
  • drøfte og reflektere over korleis læraren kan leggje til rette for didaktikk til elevane sine mange læringsprosessar, og også kunne inkludere berekraftsdidaktikk
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og individuell tilrettelagd opplæring 
  • reflektere over og anvende forskingsbasert kunnskap til å forebygge mobbing og utanforskap, og slik skape eit inkluderande læringsmiljø for elevane  

Generell kompetanse 

Studenten skal evne 

  • å identifisere og drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av språkleg-, kulturelt-, og religiøst mangfald.  
  • å på eit reflektert og fagleg informert grunnlag  vere i dialog med elevane og deira føresette i tillegg til andre relevante samarbeidspartnarar om eleven si læring og utvikling 
  • å kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUPE101

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga varierer mellom førelesningar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Skriving som reiskap for læring og utvikling vil verta vektlagt. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytt til det å skape samanheng mellom erfarings- og forskingsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det er krav om 80% frammøte i undervisninga i emnet, som t.d. inkluderer førelesningar, seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Dette blir nærare spesifisert i semesterplanen. 
  • Ein munnleg og ein skriftleg obligatorisk læringsaktivitet  
  • Forskingsseminar: Analysere og tolke vitskaplege tekstar. Faglærarane set opp minst 3 tekstar som studentane les før diskusjon i grupper. Faglærar leier seminaret.   

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt. 

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel