MAT210 Vidaregåande diskret matematikk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Endelege tilstandsmaskiner og formelle språk, samt samanhengen mellom regulære uttrykk, formelle språk og endelege tilstandsmaskiner.
Fleirvariabelanalyse: partiellderivasjon, gradientvektor og drøfting funksjoner av fleire variablar.
Utvalde emne frå kombinatorikk og grunnleggande teknikkar om teljing:
- Kardinalitet med anvending på bereknelegheit
- multiplikasjonsprinsippet, addisjonsprinsippet, inklusjonsprinsippet og eksklusjonsprinsippet, dueslagprinsippet
- Permutasjonar og kombinasjonar
- Binomialkoeffisientar og binomialformelen.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emne har følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten skal kunne forklare samanhengen mellom regulære uttrykk og endelege tilstandsmaskiner
- Studenten skal kunne gjere greie for grunnleggande teknikkar for teljing og vita når ein kan bruke dei
- Studenten skal kunne forklare samanhengen mellom bereknlegheit og kardinalitet.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- Bruke tilstandsmaskinar og grammatikkar for å sjekke om regulære uttrykk tilfredsstillar ein grammatikk.
- Bruke formelle metodar (språk, tilstandsmaskinar) for å gjere greie for verkemåten til ei datamaskinen
- Studenten skal kunne berekne kardinaliteten til gitte mengder og anvende teknikkar for teljing.
- Studenten skal kunne finne gradientvektoren og klassifisere ekstremalpunkta til ein funksjon av fleire variablar.
Generell kompetanse
Studenten skal kunne:
- Ha forståing for ei datamaskin si verkemåte og forstå dette i samspelet mellom den teknologiske utviklinga og samfunnet
- Forstå matematiske tenkjemåtar og metodar, og formidle desse skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT101 Diskret matematikk 1
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
To obligatoriske innleveringar må vere levert og godkjend innan fastsette fristar for at studenten skal få gå opp til eksamen.
Godkjende øvingar gir også tilgang til eventuell ny eksamen (kontinuasjonseksamen) følgande semester.
Etter dette må innleveringar leverast på nytt.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 3 timar.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemidler.
Meir om hjelpemiddel