Hopp til innhald

MGBEN241 Engelsk 1, emne 2 - Engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Dette er emne 2 i faget Engelsk 1 for 1.-7. trinn i grunnskulelærarutdanninga (GLU). Engelsk 1 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Når emnet går som fag 4 er desse MGBEN141 Engelsk språk med fagdidaktikk og MGBEN241 Engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk.

Emneskildringane for Engelsk 1 bygger på reviderte Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1-7 (2024), og inngår i ei femårig grunnskulelærarutdanning med mastergrad. Emnet er ope for innreisande studentar.

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og fagdidaktikk. Dette inkluderer kunnskap om barnelitteratur og bruk av ulike tekstar i engelskundervisinga på barnetrinnet, i tillegg til analyse av skjønnlitteratur og sakprosa. I tillegg gir emnet kunnskap om eit variert utval tekstar både til personleg og fagleg vekst. Utvikling av eigne språkferdigheiter og tekstkompetanse er òg sentralt i emnet.

Emnet omfattar engelskundervisning for heile barnetrinnet. Dette inkluderer kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, fokus på grunnleggande ferdigheiter, kjennskap til læreplanverket, vurdering og tilpassa opplæring. I tillegg gir emnet innsikt i ulike metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

I faget inngår studietur til Det norske studiesenteret i York. Turen vert tilboden som ein del av undervisinga i emnet, men er ikkje obligatorisk. Det vert derfor tilbode eit alternativt opplegg for dei som ikkje reiser. Reiseutgifter, opphald og kursavgift vert betalt av studenten, men det kan søkast om noko støtte frå Lånekassen. Sjå https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til litteratur og andre kulturelle uttrykk som kan nyttast i undervisinga av born og unge
  • har kunnskap om levesett og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land
  • har kunnskap om vurderingspraksis, differensiering og tilpassa opplæring
  • har kunnskap om dei grunnleggande ferdigheitene, læreplanverket, nasjonale prøvar og læremiddel som kan nyttast i engelskfaget

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysera litteratur, og diskutera, munnleg og skriftleg, eit utval skjønnlitteratur og sakprosa
  • kan velja ut og legga til rette for arbeid med engelskspråkleg litteratur og andre kulturelle uttrykk for born
  • kan innhenta og tilrettelegga informasjon om samfunnsspørsmål og kulturelle tema til bruk i undervisinga
  • kan planlegga og leia varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremjar djupnelæring og utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • kan utøva ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis, inkludert undervegsvurdering
  • kan bruka fagkunnskap didaktisk og reflektert knytt til gjeldande læreplan for grunnskulen, og kritisk vurdera eiga undervising

Generell kompetanse

Studenten

  • har god kompetanse i engelsk
  • kan formidla relevant fagstoff og kommunisera på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • kan reflektera over eiga læring og undervisingspraksis, knytt til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den faglege og personlege utviklinga til born og unge
  • kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å legga til rette for elevar si læring og utvikling
  • kan vedlikehalda og utvikla sin eigen språklege og didaktiske kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet omfattar ei rekke strategiar for språklæring og arbeid med eit framandspråk. All undervising i faget føregår på engelsk, og språkøvingsaspektet står sentralt i studentane sitt arbeid.

Arbeidsmåtar i emnet vil vera oversiktsførelesingar kombinert med drøftingar av fagstoffet, par- og gruppearbeid, individuelt arbeid, praktiske oppgåver og skriftlege og munnlege presentasjonar. Studentane vil få erfaring med arbeidsmåtar som kan nyttast i grunnskulen. Studentane må ta aktivt del i læring og undervising, og det er forventa at studentar deltek i kollokviegrupper og på digitale læringsplattformer. Læringa i emnet forutset samhandling med andre studentar og faglærarar om sentrale utfordringar i faget, utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter, og studentane sin didaktiske kompetanse. Det er derfor venta at studentane føl all undervising, deltek aktivt og er med å ta ansvar for læringsaktivitetane. Det som vert formidla i undervisinga reknast som pensum til eksamen, i tillegg til det som står på leselista. Ikkje alle delar av leselista vil bli gått gjennom, og studiet krev sjølvstendig arbeid.

Praksis er ein integrert del av studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ein læringsaktivitet i eit litteratur/kultur-emne
  • Ein læringsaktivitet i eit didaktisk emne
  • Minimum 70% frammøte i undervisinga

Det vert gitt oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane ved semesterstart. Studentane pliktar å orientere seg om og overhalda instruksjonane og innleveringsfristane. Instruksjonane for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil òg gje retningslinjer for bruk av kunstig intelligens (KI). Sjå elles retningslinjene til HVL om bruk av KI i læring og vurdering: Korleis bruke kunstig intelligens som student? - Høgskulen på Vestlandet.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 min.

Vurderingsspråk i emnet er engelsk.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel