Hopp til innhald

MGUKØ131 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning
  • Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting
  • Det er krav om 80% oppmøte til undervisning i emnet.

Semesterplanen vil gi retningslinjer for de obligatoriske læringsaktivitetene. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Oppgåve. Eksamen består av ein fagtekst (omfang, 2500 ord +/- 10%)

Detaljerte retningslinjer om eksamen vert gitt i eige skriv om eksamen frå faglærar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel