BØA111 Matematikk for økonomar
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi det nødvendige matematikk-grunnlaget for dei andre emna i studiet og knyte matematikk-kunnskapane til problemstillingar innan samfunns- og bedriftsøkonomi. Emnet bør derfor kome i 1. semester. Det er eit sentralt mål for emnet å utvikle studentanes evne til logisk og analytisk tenking. Dette skal gi grunnlag for å forstå matematisk modellering i økonomiske samanhengar og for å kunne arbeide med problemorienterte oppgåver. Emnet skal gi inngåande kunnskapar og ferdigheiter knytt til dei angjevne tema. Emnet er basert på gode forkunnskapar i matematikk frå VGS (det anbefales S1+S2 eller tilsvarande) og målet er å gi eit betydeleg løft i forhold til dette grunnlaget.
Innhald
- Grunnleggande algebra, inkludert løysing av ulikskapar, likningar og system av likningar.
- Analyse av éin-variabel funksjonar som polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar, logaritmiske funksjonar og kombinasjonar av desse. Denne analysen skal omfatte: nullpunkt, asymptotar, grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon, ekstremverdiproblem og elastisitet.
- Analyse av ulike funksjonstyper av fleire variablar, inkludert Cobb-Douglas-funksjonar og funksjonar med eksponensial- og logaritmeelement. Denne analysen omfattar det å finne og klassifisere stasjonære punkt, å finne maksimum og minimum under sidevilkår, inkludert bruk av Lagranges metode.
- Analyse av aritmetiske og geometriske rekker, konvergens og sum av geometriske rekker.
- Analyse og utrekningar innan finansmatematikk, inkludert annuitetar, nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi.
- Innføring i grunnleggande integralrekning, både bestemt og ubestemt integral, for dei einvariabel funksjonstypane som inngår i kurset.
Læringsutbytte
Kunnskap:
- studenten har kunnskap om grunnleggande matematiske omgrep
- studenten har kunnskap om drøfting av funksjonår, både funksjonar av éin og to variablar
- studenten har kunnskap om matematisk modellering innan økonomiske samanhengar
- studenten har kunnskap om bruk av renterekning og rekker til berekningar knytt til annuitetar
- studenten kjenner til integralrekning
- studenten har kunnskap om system av lineære likningar
Ferdigheiter:
- studenten beherskar grunnleggande algebra
- studenten kan analysere ulike typar matematiske funksjonar, både funksjoner av éin og to variablar
- studenten kan nytte matematikk og matematiske modellar i drøfting av økonomiske problemstillingar
- studenten kan nytte renterekning og rekkjer til å berekne annuitetar og løyse problem innan finansmatematikk knytt til nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi
- studenten kan nytte grunnleggande integralrekning
- studenten kan løyse ulikskapar, likningar og system av lineære likningar
Generell kompetanse:
- studenten kan bruke kunnskapen i matematikk som grunnlag for utrekningar innan økonomifaget og i andre emne i studiet
- studenten forstår dei matematiske utrekningane som vert brukt i emne der det inngår berekningar av ulike slag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet krev gode forkunnskapar i matematikk. Emnet byggjer på kunnskapar tilsvarande S1+S2 frå videregåande skule eller tilsvarande. Studenter med dårlegare forkunnskapar må berekne betydeleg ekstra arbeidsinnsats.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneøvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Del 1: Skriftleg skuleeksamen, 2 timar, tel 30 % på endeleg karakter. Avholdes midt i semesteret.
Del 2: Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, tel 70 % på endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend enkel kalkulator: Sjå på lenka under kva for nokre kalkulatormodellar som er godkjende.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- LOØMA1 - Matematikk I - Reduksjon: 6 studiepoeng
- MA6-100 - Matematikk - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- ME6-1000 - Matematikk for økonomar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- RE001 - Matematisk analyse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SA066 - Matematikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB020 - Grunnleggjande matematikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB1020 - Matematikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØMO001 - Matematikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng