Hopp til innhald

BØA119 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette blir sett i høve til berekraftig utvikling for å fremje perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønske om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdomen, oppførselen og moralen til eit menneske blir forma i eit samfunn. Menneskets evne til å forme seg og la seg forme med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leve på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning bygger menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet er eit fellesemne for alle bachelorstudia ved HVL og blir gjennomført i første semester.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Generell del

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
  • har kunnskap om etikk og berekraft.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan bruke fagleg kunnskap i fagleg tekst som tilfredsstiller akademiske krav

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både aleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan utveksle og diskutere faglege synspunkt og vere kritisk til eige fagområde og vitskapen generelt

Fagspesifikk del

Kunnskap

  • Kjenner til det økonomisk-administrative fagområdet sine tradisjonar, historie, eigenart, og plass i samfunnet
  • Har grunnleggande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar og deira bruk i økonomisk-administrative fag

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det blir nytta studentaktive læringsformer, og ein nyttar digitale ressursar i emnet.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjer refleksjon og gruppetilhøyr. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.

  • Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde.
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft og/eller refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Vurderingsform

Skriftleg semesteroppgåve i gruppe, lengde 1500 ord +/- 10%.

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått.

Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel