Hopp til innhald

JU6-1000 Forretningsjus

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studenten ei innføring i sentrale forretningsjuridiske tema; avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs. I tillegg gis ei innføring i juridisk metode, altså korleis ein går frem for å fastleggja innhaldet av rettsreglar og løyse konkrete rettsspørsmål.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • ha kjennskap til sentrale rettsreglar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling og konkurs.
  • ha grunnleggjande kjennskap til juridisk metode

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kunne løyse juridiske problemstillingar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling og konkurs.

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • vere medviten om jussens rolle i samfunnet
  • vere merksam på at jussen set rammane for handlingsrommet til offentleg og privat verksemd, og viktigheta av å opptre innanfor desse på ein føremålstenleg måte.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, oppgåvegjennomgang i plenum og skriftleg arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt skriftleg arbeidskrav

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter og rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna)

Nettbasert bokmål/nynorsk ordbok.

Meir om hjelpemiddel