MGBKØ550 Kroppsøving 3, emne 4 - Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studenten skal tileigna seg innsikt og erfaring i å planleggje, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig forskingsarbeid. Arbeidet skal vere profesjonsretta og praksisorientert og skal danne grunnlag for seinare pedagogisk og kroppsøvingsfagleg kunnskapsutvikling i profesjonsutøvinga.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om å planleggje, gjennomføre og rapportere eit avgrensa forskings- og utviklingsarbeid
- har spesialisert innsikt i ein avgrensa kroppsøvingsfagleg tematikk
- har kunnskap om samanhengen mellom vitskapsteori, forskingsmetode og forskningsetikk for kroppsøvingsfaglig forsking
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere ei presis problemstilling og anvende ein relevant forskingsmetode for å svare på problemstillinga
- kan analysera eit datamateriale og anvende vitskapeleg arbeid og andre informasjonskjelder på ein nyansert og kritisk måte
- kan reflektere over forskingsetiske usikkerheitsområder knytt til eige masterprosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruka kunnskap og ferdigheiter på nye områder innanfor det kroppsøvingsfaglege feltet
- kan bidra til nytenking og utvikling av kroppsøvingsfaget
- kan analysera og kritisk vurdera vitskaplege arbeid
- kan kommunisere om faget til ulike aktører og profesjoner
Krav til forkunnskapar
Bestått FoU-oppgåve.
Før ein byrjar på emnet MGBKØ550 må studenten ha fullført 30 studiepoeng i faget, og totalt 120 studiepoeng i utdanninga (gjeld frå og med kull 2025).
MGBKØ503 (prosjektskissa) skal vere bestått før studenten kan levere inn masteroppgåva til vurdering (gjeld frå og med kull 2022).
Undervisnings- og læringsformer
I emnet skal studenten(e) sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar arbeida med å planlegga, gjennomføra og rapportera frå si masteroppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Tre obligatoriske samlingar/seminar der studenten skal førebu og legga fram med utgangspunkt i eige prosjekt og framdrift.
- Det er krav om 80% oppmøte til undervisning i emnet.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Masteroppgåve.
Retningsliner for masteroppgåva har informasjon om formelle krav til oppgåva.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel