MGUNA301 Naturfag 2, emne 1 – Fordjuping i fysikk og kjemi for grunnskulen
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Naturfag 2 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Fordypning i fysikk og kjemi for grunnskulen
- Fordypning i biologi for grunnskulen
Begge emna er lagt til vårsemesteret tredje studieår. Det vert lagt til rette for utveksling dette semesteret.
Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset.
Fag og didaktikk vert sett på i samanheng og emna som takast opp skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 5. til 10. i grunnskulen.
Naturfag 2 emne 1 bygger på naturfag 1 emne 2.
Gjennom dette emnet får du djupare kunnskap innan fysikk og kjemi. Kunnskap innan desse områda vert knytt til teknologi og miljø- og klimaspørsmål. Du lærer å bygge progresjon frå byrjaropplæringa til innlæring av meir avanserte og komplekse omgrepsstrukturar. Du vidareutviklar og eiga evne til å leie utforskande arbeid og å vidareutvikle elevar sine utforskande ferdigheiter. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ulike stoff sine kretsløp i naturen og deira rolle i menneskapte endringar i naturen
- har kunnskap om organiske stoff som vi bruker i kvardagen
- har utdjupande kunnskap om kjemiske reaksjonar
- har kunnskap om korleis kontekstbaserte undervisningsformer kan verte knytt til naturfaglege, etiske, og miljømessige problemstillingar
- har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme knytt til produksjon av elektrisk energi
- har kunnskap om korleis naturvitskapen har utvikla ulike modellar og korleis slike modellar blir brukt til å forstå korleis verda er bygd opp og heng saman
- har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning og kan knytte det til naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar
Ferdigheiter
Studenten
- kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
- kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
- kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi i samband med problemstillingar knytt til teknologi og samfunn
- kan leggje til rette for kreativ, praktisk utforskande undervising i naturfag som gjev god progresjon mellom ulike steg
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar i naturfag
- kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
Generell kompetanse
Studenten
- har ei forskingsbasert tilnærming til eigen praksis som naturfaglærar
- har innsikt i naturfaget si særskilte rolle som allmenndannande fag
- kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Naturfag 1, emne 2 - Innføring i fysikk og kjemi for grunnskulen eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barnesteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:
- Oppgåver knytt til tre ulike praktiske aktivitetar
- Deltaking i undervisning knytt til ei sosiovitskapeleg problemstilling
- Uteundervisning med bruk av digital verktøy
- Deltaking i 80 % av undervisninga.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 min.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel