SA590 Internasjonal politikk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grunnleggande innføring i faget internasjonal politikk, med vekt på å introdusere dei mest kjende teoriane og døme på korleis dei kan brukast til å analysere politiske tilhøve og hendingar. Emnet gir også ei brei innføring i mange av dei sentrale spørsmåla i internasjonal politikk, som t.d. folkerett, menneskerettar, miljø, og migrasjon.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet
Kunnskap
- har studenten grunnleggjande kunnskap om internasjonal politikk
- har studenten kunnskap om sentrale teoriar om internasjonal politikk
- har studenten kunnskap om viktige spørsmål og saksforhold internasjonalt
- har studenten kjennskap til korleis globaliseringsprosessar kan påverke internasjonale relasjonar
Ferdigheiter
- kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om internasjonal politikk
- kan studenten gjere greie for og diskutere både teoriar og tematiske spørsmål relatert til internasjonal politikk
Generell kompetanse
- kan studenten framføre ein munnleg presentasjon av ei samfunnsvitskapleg problemstilling basert på relevante forskingsbidrag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Flervalgstest.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Skriftlig hjemmeeksamen, 5 timer
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt
Meir om hjelpemiddel