Hopp til innhald

BAMM3002 Prosjektleiing

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Innhald i emnet:

  • Særtrekk ved prosjekt i samfunnet generelt, og maritim næring spesielt
  • Strategisk og organisatorisk forankring av prosjekt
  • Overordna prosjektplanlegging - mål og milepålar
  • Detaljplanlegging av prosjektarbeidet - aktivitetsplanlegging
  • Metodar og teknikkar for planlegging og oppfølging
  • Prosjektorganisering - arbeidsdeling og ansvar
  • Prosjektøkonomi
  • Modellar for prosjektgjennomføring
  • Den prosjektorienterte verksemda
  • Erfaringsoverføring i og mellom prosjekt
  • Leiing i prosjekt
  • Arbeidsformer og bruk av teamprosjekt
  • Verksemda si prosjektkultur
  • Handtering av usikkerheit i prosjekt
  • Innkjøp i prosjekt
  • Bruk av kontraktar og handtering av desse

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • forstår kvifor prosjekt vert nytta som eit nødvendig verktøy for å løyse komplekse oppgåver i den maritime næringa
  • kjenner til dei metodane som vert nytta i prosjekt for å ivareta leiing, planlegging, kontroll og frigjering av kreativitet
  • har forståing for leiing i prosjekt
  • har kunnskap om risiko og risikostyring i prosjekt
  • kan identifisere kjenneteikn ved ulike prosjektformer og kva som kjenneteiknar effektive og mindre effektive prosjekt
  • forstår korleis enkeltprosjekt skal gjennomførast for å oppnå ønska gevinstar
  • har kjennskap til dei prosessane, verktøya, metodane og omgrepa som inngår i prosjektleiing i den maritime næringa
  • kjenner til korleis eit prosjekt kan definerast breitt med omsyn til mål, kjenneteikn, innhald, omfang, varigheit, kostnad, interessentar
  • kan kjenne att omgrep som målformulering, planlegging, organisering, gjennomføring, oppfølging, styring, risikovurdering

Ferdigheiter

Studenten kan

  • planleggje, følgje opp og leie prosjekt i maritim industri, og vere ein konstruktiv og god deltakar i prosjekt
  • reflektere rundt leiing av prosjektorienterte verksemder, inkludert samanhengen mellom enkeltprosjekt, organisasjonen si prosjektportefølje og overordna mål
  • nytte tilpassa teknikkar, metodar og verktøy for effektiv gjennomføring av prosjekt
  • nytte og forstå ulike leiingsprinsipp til bruk i prosjekt
  • forstå og reflektere over risiko og moglegheiter i prosjekt
  • forstå og nytte enkle element knytt til økonomi, økonomistyring og budsjettering i prosjekt
  • reflektere over prosjekt si betydning for organisasjonen og bruk i samfunnet generelt

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for prosjektarbeidsforma si rolle i forhold til organisasjonar og samfunn, samt kunne reflektere over etiske problemstillingar knytt til internasjonale prosjekt
  • har forståing for kva det vil seie å jobbe i eit team der ein skal vise respekt for dei andre teammedlemmane sine kunnskapar, meiningar, roller og personlegdom
  • har forståing for leiing, leiingsverktøy og prinsipp brukt i prosjekt, samt evne til å reflektere over eige leiarskap og praksis
  • har forståing for og kan nytte seg av dei verktøya og metodane som ligg til prosjektfaget
  • kan delta aktivt i faglege diskusjonar og har evne til å dele sin kunnskap og erfaringar med andre og bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet er del av ei spesielt tilrettelagt overgangsordning frå 2-årig maritim teknisk fagskule til bachelorgrad. Innhald og oppbygging er basert på denne føresetnaden, samt ønskemål frå representantar frå maritim industri.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingsbasert digital undervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei skriftleg innlevering.

Vurderingsform

Individuell semesteroppgåve.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege hjelpemiddel tillate. Du finn meir informasjon her: Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet

Meir om hjelpemiddel