MGBKØ101 Kroppsøving 1, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse knytt til variert bevegelseslæring og kroppslege erfaringar. Å legga til rette for bevegelsesaktivitetar som leik, tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barnekulturen, dans, friluftsliv, samt begynnaropplæring i idrett står sentralt. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om ulike former for leik og andre bevegelsesaktivitetar i barnekulturen
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningsliner planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, nærfriluftsliv, dans og idrettsaktivitet, og gjera seg nytte av dette i undervising i kroppsøving
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Arbeidskrav

  • 80 % frammøte til undervisning
  • Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
  • Praktisk-metodiske undervisingsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Sogndal: Prosjekt.

Bergen og Stord: Prosjekt og praktisk-metodisk deleksamen. Kvar del tel 50 % av vurderinga. 

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av eksamen og deleksamenar. Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.