MGBKH101 Kunst og handverk 1, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1 emne 1 gir ei innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og ulike slags medium knytt til begynnaropplæring i gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, materiale, verktøy og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Materiale, farger, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.--7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Den førebur studenten på yrke med praktiske øvingar relatert til faget sine vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane i deira skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer eleven si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • har grunnleggjande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
  • har kunnskap om korleis faget sin eigenart kan integreras i begynneropplæringa
  • har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, idear, dokumentasjon og vurdering
  • kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
  • kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
  • kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene i planlegginga av undervisninga

Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår korleis skapande arbeid med materialer utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid i verkstadane , individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Arbeidskrav

  • Obligatoriske frammøte til undervisning (80 %)
  • Eitt munnleg framlegg i gruppe
  • Ei skriftleg oppgåve.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen. 

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel