MGBSA401 Samfunnsfag 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot barne- og mellomtrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål.

Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.

Emnet går djupare inn i utvalde tema i samfunnsfag, fagdidaktikk og samfunnsfaglege metodar. Skriving av oppgåve er sentralt i emnet. I tillegg går emnet inn på internasjonale konfliktar, og internasjonal økonomi.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag.
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad

Dugleikar

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FoU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for barne- og mellomtrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBSA201

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeid, gruppearbeid og ekskursjonar.

Arbeidskrav

Eit arbeidskrav: Kandidaten skal leggja fram utkast til FoU-oppgåve for medstudentar og faglærar.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Vurderingsform

Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgåve og ein munnleg eksamen.

FoU-oppgåva/semesteroppgåva utgjer 50 % av endeleg karakter, og munnleg eksamen utgjer 50 % av endeleg karakter. 

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

FoU-oppgåve/semesteroppgåve

Studentar som tek emnet i 4. år i GLU, skal skrive ei semesteroppgåve. Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan oppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.

Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.

Tid og stad for eksamen blir gitt på Canvas.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • FoU-oppgåve/semesteroppgåve: Alle
  • Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel