MGUKØ401 Kroppsøving 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.

Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap (fag 1), eller semesteroppgåva på 7,5 studiepoeng (fag 2). 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
  • kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
  • kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
  • kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen meir generelt
  • kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Kroppsøving del 1 og del 2 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Arbeidskrav

  • 80 % frammøte; 100% på turar/ekskursjonar
  • Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve (fag 1)/semesteroppgåve (fag 2)
  • Friluftsliv med overnatting 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav

Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett.

Vurderingsform

Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgåve og ein praktisk-munnleg eksamen.

  • For studentar som tar dette emnet som Fag 1: FoU-oppgåve
  • For studentar som tar dette emnet som Fag 2, og studentar i 4-årig GLU: Semesteroppgåve.
  • Praktisk-munnleg eksamen: Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. Vekting er 50 % på kvar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel