BØA111 Matematikk for økonomar

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi det nødvendige matematikk-grunnlaget for dei andre emna i studiet og knyte matematikk-kunnskapane til problemstillingar innan samfunns- og bedriftsøkonomi. Emnet bør dirfor kome i 1. semester. Det er eit sentralt mål for emnet å utvikle studentanes evne til logisk og analytisk tenking. Dette skal gi grunnlag for å forstå matematisk modellering i økonomiske samanhengar og for å kunne arbeide med problemorienterte oppgåver. Emnet skal gi inngåande kunnskapar og ferdigheiter knytt til dei angjevne temaa. Emnet er basert på gode forkunnskapar i matematikk fra VGS (det anbefales S1+S2 eller tilsvarande) og målet er å gi eit betydeleg løft i forhold til dette grunnlaget.

Innhald

  • Grunnleggande algebra, inkludert løysing av ulikskapar, likningar og system av likningar.
  • Analyse av éin-variabel funksjonar som polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar, logaritmiske funksjonar og kombinasjonar av desse. Denne analysen skal omfatte: nullpunkt, asymptotar, grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon (inkludert implisitt derivasjon), ekstremverdiproblem og elastisitet.
  • Analyse av ulike funksjonstyper av fleire variablar, inkludert Cobb-Douglas-funksjonar og funksjonar med eksponensial- og logaritmeelement. Denne analysen omfattar det å finne og klassifisere stasjonære punkt, å finne maksimum og minimum for eit avgrensa område, å finne maksimum og minimum under sidevilkår, inkludert bruk av Lagranges metode.
  • Analyse av aritmetiske og geometriske rekker, konvergens og sum av geometriske rekker.
  • Analyse og utrekningar innan finansmatematikk, inkludert annuitetar, nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi.
  • Innføring i grunnleggande integralrekning,  både bestemt og ubestemt integral, for dei einvariabel funksjonstypane som inngår i kurset.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • studenten har kunnskap om grunnleggande matematiske omgrep
  • studenten har kunnskap om drøfting av funksjonår, både funksjonar av éin og to variablar
  • studenten har kunnskap om matematisk modellering innan økonomiske samanhengar
  • studenten har kunnskap om bruk av renterekning og rekjker til berekningar knytt til annuitetar
  • studenten kjenner til integralrekning
  • studenten har kunnskap om system av lineære likningar

Ferdigheiter: 

  • studenten beherskar grunnleggande algebra
  • studenten kan analysere ulike typar matematiske funksjonar, både funksjoner av éin og to variablar
  • studenten kan nytte matematikk og matematiske modellar i drøfting av økonomiske problemstillingar
  • studenten kan nytte renterekning og rekkjer til å berekne annuitetar og løyse problem innan finansmatematikk knytt til nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi
  • studenten kan nytte grunnleggande integralrekning
  • studenten kan løyse ulikskapar, likningar og system av lineære likningar

Generell kompetanse: 

  • studenten kan bruke kunnskapen i matematikk som grunnlag for utrekningar innan økonomifaget og i andre emne i studiet
  • studenten forstår dei matematiske utrekningane som vert brukt i emne der det inngår berekningar av ulike slag

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet krev gode forkunnskapar i matematikk. Emnet byggjer på kunnskapar tilsvarande S1+S2 frå videregåande skule eller tilsvarande. Studenter med dårlegare forkunnskapar må berekne betydeleg ekstra arbeidsinnsats.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar og arbeidskrav (obligatoriske innleveringar).

Arbeidskrav

Inntil 10 obligatoriske innleveringar som må være godkjende før eksamen kan avleggast. Innleveringar kan verte gjennomført på digitalt system. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Eksamen kan verte avholdt på digitalt eksamenssystem. Tid og stad for eksamen vert opplyst på Studentweb. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Formelsamling vedlagd eksamensoppgåvene. 

Alle kalkulatormodellar er tillatt, med følgjande unntak

- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikkje koplast til strømnettet

- kalkulatoren må ikkje lage støy

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØMO001 (1) - Matematikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1020 (1) - Matematikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB020 (1) - Grunnleggende matematikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA066 (1) - Matematikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • RE001 (1) - Matematisk analyse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ME6-1000 (1) - Matematikk for økonomer - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • MA6-100 (1) - Matematikk - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • LOØMA1 (1) - Matematikk I - Reduksjon: 6 studiepoeng