BYG122 Drift, vedlikehald og ombygging av bygningar

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld sentrale tema innan fagfeltet Drift, vedlikehald og ombygging av eksisterande bygningar, også kalla Bygningsforvaltning. Den norske bygningsmassen representerer, med sine 445 mill m2 golvflate, like stor verdi som det norske oljefondet (2017). Å forvalte og fornye denne verdien på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte, er viktig for både velferd og samfunnsøkonomi.

Emnet har to hovuddelar - ombygging av bygningar som legg vekt på teknisk tilstandsregistrering og - analyse, og drift og vedlikehald som legg vekt på planlegging, organisering og økonomisk styring i bruksfasen av bygningen sitt livsløp.

Målet med emnet er å gje studentane basiskunnskap om bygningen over livsløpet - frå nybygget står ferdig, gjennom ein bruksfase, ein ombyggingsfase og til slutt ein rivingsfase der materialar og komponentar skal sorterast og resirkulerast. Ressursbruk og levetid vert drøfta i høve til bygningen sine eigenskapar for den verksemda den til ei kvar tid skal tene. Vidare er det eit mål at studentane får basiskunnskap om bygnings- og arkitekturhistorie etter ca 1850.

Dei viktigaste temaene i emnet:

  • Fasar i livsløpet til bygningen
  • Bygnings- og arkitekturhistorie
  • Teknisk tilstandsregistrering og -analyse
  • Ombyggingsprosessen
  • Byggetekniske problemområde
  • Livsløpsøkonomien til ein bygning
  • Planlegging og organisering av drift og vedlikehald
  • Planlegging for drift og vedlikehald
  • Funksjonsanalyse og arealeffektivitet
  • Eksempel frå praksis

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Ha grunnleggande kunnskap om fasar i livsløpet til ein bygning
  • Kjenne til hovudtrekk i norsk bygnings- og arkitekturhistorie etter ca år 1850 - stilhistorie, materialbruk og konstruksjonar
  • Kjenne til hovudtrekk i den historiske utviklinga for tekniske installasjonar i bygningar
  • Ha grunnleggande kunnskap om ombyggingsprosessen - utgreiing, planlegging og gjennomføring
  • Ha grunnleggande kunnskap om teknisk tilstandsregistrering og -analyse
  • Kjenne til typiske byggetekniske problemområde ved ombygging og vedlikehald
  • Ha grunnleggande kunnskap om livsløpsøkonomi og funksjonsanalyse
  • Ha kunnskap om organisering og økonomisk styring i ulike FDV-organisasjonar
  • Ha kunnskap om relevante lover, forskrifter og standarder

Ferdigheit

  • Kunne greie ut om korleis ein bygning sine eigenskapar og økonomi utviklar seg over livsløpet
  • Kunne gjennomføre ei fullstendig tilstandsregistrering og -analyse i samsvar med NS 3424
  • Kunne utforme drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Kunne analysere og vurdere organisering og økonomi i ein FDV-organisasjon

Generell kompetanse

  • Ha overordna kunnskap om kva bygningar betyr for samfunn og miljø
  • Ha generell kunnskap om korleis verksemda vert påverka av bygningen sine eigenskapar
  • Ha generell kunnskap om bygningar sin ressursbruk og miljøpåverknad

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BYG104 Bygningsfysikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Øvingsoppgåver. Prosjektarbeid

Arbeidskrav

Presentasjon av prosjektarbeid

Vurderingsform

Eksamen er delt i to:

1. Skriftleg skuleeksamen, 4 timar (60% av endeleg karakter).

2. Prosjektarbeid (40% av endeleg karakter). Oppgåva er gyldig i 3 semester etter avlagt ordinær eksamen.

Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala A-F der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator

Meir om hjelpemiddel