MGUKH401 Kunst og handverk 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 2, emne 2 bygger på Kunst og handverk 1 og Kunst og handverk 2 emne 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 5.-10. trinn. Skapande arbeidsprosessar på verkstaden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert. Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram.

Emnet  består av to delar der den siste delen omfattar ei 7,5 stp FoU oppgåve. FoU-oppgåva er  ei fordjuping  i ei sjølvvald problemstilling  sett i eit fagleg og fagdidaktisk perspektiv. Gjennom FoU-oppgåva skal studenten tileigne seg ferdigheiter i akademisk skriving, kunne finne, samle inn og analysere empiri og handsame eit samansett fagstoff på ein overtydande måte. Oppgåva må vere bestått  før studenten kan ta til med masteroppgåva. Studenten er sjølv ansvarleg for å nå forventa læringsutbytte.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om barn og unge sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, samt korleis dette bidreg til å danne deira identitet og livsverd
  • har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike material, teknikkar og estetiske verkemiddel som eigner seg i opplæringa av barn og unge
  • har kunnskap om aktuell forsking og utvikling i dette kunnskapsfeltet og om hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
  • har innsikt i erfaringsbasert kunnskap, idéutvikling og om relevante forskingsmetoder, vurderings- og presentasjonsformer og kan syne korleis eigne skapande prosesser er utgangspunkt for refleksjon og kunnskapsutvikling i eige FoU-arbeid

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utnytte materiala sine eigenskapar og kvalitetar, vise innsikt i og formidle eigne skapande prosesser og anvende disse kunnskapane i undervisnings- og utviklingsarbeid
  • kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst for hensiktsmessig bruk i opplæringa, samt utvikle og svare på ei problemstilling som er klar, avgrensa og relevant  i sin FoU
  • kan forklare og demonstrere korleis grunnleggande ferdigheiter kan brukast og definerast innanfor fagets eigenart
  • kan bruke digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon og som reiskap i arbeid med flater, layout, og ulike skrifttypar
  • kan bruke fagspråk sikkert og funksjonelt, vurdere kvalitet på lærebøker og læremiddel, holde seg oppdatert på relevant faglitteratur og forsking og bruke sin innsikt i dette gjennom sitt arbeid med FoU 7,5 stp.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan rettleie, vurdere og gi framovermeldingar,samt stimulere og tilpasse opplæringa til elever sine skapande arbeid i tråd med globale og lokale utfordringar
  • kan stå for ei forskingsmessig og etisk ansvarleg  tilnærming i den 7,5 stp FoU-oppgåva, beherskar akademisk skriving og relaterer dette arbeidet til dei gjeldande læreplanar og til nasjonal og internasjonal forsking  
  • viser endringsvilje og engasjement for sjølvutvikling, fag og skule

Krav til forkunnskapar

MGUKH101, MGUKH201 og MGUKH301

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlige oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur knytt til oppgåver. 
  • Eit sjølvstendig forskningsarbeid formidla som akademisk tekst, tilsvarande 50% av emnet

Arbeidskrav

3 obligatoriske arbeidskrav i form av

  • godkjent oppmøte i den tida som er oppgitt for obligatoriske læringsaktivitetar, instruksjon, veiledning og FoU-samlingar
  • ett munnleg framlegg knytt til presentasjon av eige arbeid med FoU
  • ei skriftleg oppgåve med Litteraturrewiew, knytt til individuelt arbeid med FoU

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Vurderingsform

Del 1: FoU-oppgåve: Skriftleg oppgåve knytt til eit eget fagleg utviklingsarbeid. Det skal vere eit sjølvstendig og forskingsbasert arbeid. Vekting 50%. Omfang 5000 ord.

Del 2: Vurderingsmappe: Vurderingsmappe med praktiske arbeid og tilhøyrande utprøvingar og dokumentasjon/skriftleg refleksjon. Vekting 50 %.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.​

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel