MGUKH502 Kunst og handverk 3, emne 2 - Vitenskapsteori, metode og kunstfagdidaktiske prosessar

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane eit utvida vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å jobbe med fagdidaktiske problemstillingar i kunst og handverk. I arbeidet med emnet skal studentane få innsikt i vitskapsteoretiske posisjonar og ulike strategiar og metodar relatert til faget. 

Læringsutbytte

Kunnskap 

Studenten

  • har solid kunnskap om vitskapelege tradisjonar, teoriar og metodar i faget og faget sin eigenart som forskingsområde
  • kan identifisere relevante problemområder, avgrense faglege problemstillingar og grunngje val av teori
  • har avansert kunnskap om forskingsmetodiske, -etiske og estetiske sider ved forskingsprosessen  
  • har praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i FoU-prosjekt

Ferdigheter 

Studenten  

  • kan kritisk velje ut, nytte og drøfte vitskapsteori og metode som er relevant for faget, og jobbe fram eit avgrensa problemområde
  • kan kritisk reflektere over ulike posisjonar i vitskapsteori og forskingsmetode og nytte det til å plassere eige FoU-arbeid i fagfeltet
  • kritisk vurdere ulike kjelder i ein forskingsprosess og i litteraturgjennomgang

 Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan kommunisere på eit analytisk og kritisk nivå ved hjelp av faget sine omgrep og uttrykksformer.
  • kan tolke og kritisk vurdere forsking, og implementere denne i undervisnings- og utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunst og handverk (60 stp.) i frå Syklus 1 eller tilsvarande. 

Undervisnings- og læringsformer

Verkstadarbeid, førelesingar, litteraturstudie, forskingsarbeid, prosjekt, seminar og kollokviegrupper.

Arbeidskrav

  • Eit arbeidskrav knytt til forskningsetikk
  • Det vil vere krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar
  • Deltaking på seminar med tekst
  • Framlegg om strategi for eiga masteroppgåve 

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.      

Godkjente arbeidskrav er gyldig i to semestre etter godkjenning.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel