MGUKH503 Kunst og handverk 3, emne 3 - Estetikk i praksis og teori

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane utvida kunnskap, ferdigheter og estetisk kompetanse gjennom arbeid med eige skapande arbeid. Studentane skal tileigne seg kunnskap om kunst og handverk som estetisk og praktisk fag i grunnskulen, og læraren si rolle som kulturberar.

Læringsutbytte

Kunnskapar  

Kandidaten  

  • er fortruleg med erfaringsbasert kunnskap og kan koble dette til relevant teori i kunst og handverksfaget   
  • har avansert kunnskap om estetiske læreprosessar  
  • har kunnskap om kunst som erkjenningsform og læraren si rolle som kulturforvaltar 
  • har kunnskap om verktøy og strategiar for problemløysing i møtet med elevar sitt og eige skapande arbeid 
  • har inngåande kunnskap om fagrelevante skapande og estetiske arbeidsformer sett i samanheng med barne- og ungdomskultur   

Ferdigheiter  

Kandidaten  

  • kan analysere og vurdere læreprosessar innan skapande arbeid i kunst og handverk og bruke fagspesifikke omgrep og perspektiv  
  • kan arbeide med praktiske utprøvingar og eksperimentering i ulike materiale og kan anvende teori til å reflektere over og vurdere eigne arbeidsprosessar i verkstad 
  • kan sette erfaring frå eige skapande arbeid i samanheng med fagområdet i skule og samfunn  
  • kan formidle og uttrykke seg gjennom eit utval av faget sine material og medium 

Generell kompetanse  

Studenten  

  • kan bruke strategiar og metodar for skapande og fagdidaktisk arbeid individuelt og saman med andre  
  • kan gjennom eigne problemstillingar bidra til nytenking og utviklingsarbeid innanfor og på tvers av faglege samanhengar 
  • kan anvende eigen erfaring med estetiske læreprosessar til å legge til rette for elevers læring gjennom estetiske læreprosessar i tverrfaglege kontekstar. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fullført syklus 1 i GLU 5-10 med 60 studiepoeng i kunst og håndverk.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningen varierer mellom verkstadarbeid, forelesninger, demonstrasjoner, individuell veiledning, og teoristudier. Verkstedbasert arbeid med ulike materialer har stor plass i studiet. 

Arbeidskrav

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar
  • Deltaking på seminar med dokumentasjon av praktisk estetisk arbeid
  • Godkjent prosjektskisse

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.       

Godkjente arbeidskrav er gyldig i to semestre etter godkjenning.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel