MGUKØ501 Kroppsøving 3, emne 1 - Vitskapsteori, fag og metode
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane lære om vitskapsteori, forskningsmetode og forskingsetikk, og sjå samanhengar mellom desse. Studentane skal arbeide med å utvikla og grunngje problemstillingar relatert til kroppsøving, og anvende forskingsmetodar for å utvikle eit datamateriale som kan svare på problemstillingar.
I emnet skal studenten arbeide med å forstå ulike vitskapsteoretiske perspektiv og deira relevans for kroppsøvingsforsking og forskingsmetodiske tilnærmingar. Kritisk, kroppsøvingsfagleg og etisk vurdering av forskingslitteratur utgjer ein del av emnet.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskapsteoretiske perspektiv og tydinga vitskapsteoretiske perspektiv har for eige forskings- og utviklingsarbeid
- har inngåande kunnskap om utvalde forskingsmetodar
- har kunnskap om forskingsetikk, forskingsetiske retningslinjer og etisk teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulera problemstillingar og grunngje korleis desse heng saman med eksisterande kunnskap i kroppsøving og val av forskingsmetodar
- kan skape eit datamateriale gjennom bruk av forskingsmetode
- kan kritisk vurdera si rolle i forskings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan identifisere forskingsetiske utfordringar, spørsmål eller dilemma og reflektere over desse
- kan lese og tolke forsking frå ulike vitskapstradisjonar og anvende dette til fagleg utvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, bruk av analyseverktøy, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar. Studentaktive læringsformer krev at studenten er tilstades i undervisinga og samhandlar med faglærarar og medstudentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Munnleg presentasjon av vitskapsteori, forskningsmetode eller forskningsetikk.
- Skriftleg fagtekst, essay eller kronikk knytt til fagfeltet.
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Semesteroppgåve.
Semesteroppgåva blir arbeida med gjennom semesteret og skal leverast individuelt eller parvis. Individuelle oppgåver skal ha eit omfang på 3500 ord (+/- 10%). Parvise oppgåver skal ha eit omfang på 4000 ord (+/- 10%).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel