MGUKØ502 Kroppsøving 3, emne 2 - Danning og læring i kroppsøving
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet er samansett av eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikle kroppsøving som fag.
Emnet har som hovudmål at studentane skal tilegne seg inngåande kunnskapar om undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen og til teoriutvikling. Kritisk refleksjon kring kroppsøvingsdidaktisk teori med utgangspunkt i internasjonal forskingslitteratur så vel som studentane sine eigne praksiserfaringar, utgjer ein del av arbeidet i emnet.
Emnet tar opp ulike tradisjonar og perspektiv i høve danning og læring i kroppsøvingsfaget. Emnet har også ein brei inngang til samfunnsperspektiva i faget og dei historiske tradisjonane faget er knytt opp til. Emnet skal også gjere studentane meir medvetne sin identitet som profesjonsutøvar.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i kroppsøving
- har inngåande kunnskap om kroppsøving som resultat av samfunnsmessige, politiske og historiske prosessar
- har inngåande kunnskap om danning, læring og undervising i kroppsøving
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere planlegging, gjennomføring og evaluering knytt til undervising i kroppsøving med tanke på eleven si læring, faglege progresjon og danning.
- kan bruke forskingsbasert kunnskap om kroppsøving til å reflektere over profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere kroppsøving som eit skolefag og i eit breit samfunnsperspektiv
- kan formidla og kommunisera faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
- kan bidra til profesjonsutvikling og forståing av kroppsøving som eit allmenndannande fag
- kan vise vilje og evne til samarbeid og vere ein bidragsytar i læringsfellesskap der refleksjon og kritisk tenking er sentralt for eiga og andre si faglege utvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Fagleg tekst, essay eller kronikk knytt til fagfeltet. Individuell eller parvis innlevering
- Presentasjon og kritisk vurdering av engelskspråkleg forskningsartikkel.
Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga og samhandlar med faglærarar og medstudentar.
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, parvis eller individuelt, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel