MGUMU401 Musikk 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Studentar som er på utveksling kan ta Musikk 2 emne 2 som nettbasert fjernstudium.

Musikk 2 emne 2 gir ei innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn og innføring i forskings- og utviklingsarbeid i musikk. Studentane vert kjend med norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar i grunnskulen.

Dette emnet omfattar også fordjuping innan arrangering og komponering som didaktisk redskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
  • har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
  • har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor omra¿da improvisasjon, komposisjon og arrangering

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over og drøfte musikken sine funksjonar som estetisk og fleirkulturelt samfunnsfenomen i relasjon til grunnskolekonteksten
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig og praktisk musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger pa¿ grunnleggande forskingsetiske prinsipp
  • kan skape sin eigen musikk ved hjelp av akustiske og digitale lydkjelder og arrangere musikalsk materiale for elever på grunnskolens mellom- og ungdomstrinn

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å reflektere over, drøfte og vurdere aktuell forskning og ulike grunnskolerelaterte musikkdidaktiske kategorier
  • kan bidra praktisk i faglege endringsprosessar gjennom å legge vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga musikklærarrolle i grunnskolen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, nettstudier, litteraturstudier, studentstyrte seminar. Sjølvstendig FoU-arbeid.

Arbeidskrav

  • Obligatoriske læringsaktivitetar: Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte i disse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
  • Eitt skriftleg arbeidskrav.
  • Problemstilling for FoU-oppgåva skal vere godkjend innan gitt tidsfrist før arbeidet med oppgåva kan starte.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Arbeidskrav vurderast med godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgende semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg FoU-arbeid. Tel 51 % av endeleg karakter. Ved ikkje greidd, kan FoU-arbeidet leverast på nytt i redigert form påfølgande semester. Omfang: 5000 ord +/- 10 % for individuelle oppgåver og 7000 ord +/- 10 % for paroppgåver 

Del 2: Mappeeksamen. Tel 49 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel