MGUNA201 Naturfag 1, emne 2 - Den ikkje-levande naturen

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Den levande naturen
  • Den ikkje-levande naturen.

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 5. - 10. steg.

Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 5. - 10. steg i grunnskulen. Studenten lærer å planlegge undervisning som bygger på elevane sine kvardagsforestillingar, å konkretisere fagstoffet og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan bruke partikkelmodellen til å beskrive oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikronivå
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til forsøk og aktivitetar som kan illustrere fenomen knytt til dette temaet
  • har kunnskap om solsystemet og kan gjere greie for korleis rørsler i solsystemet fører til ulike fenomen som til dømes solformørkelse, måneformørkelse og flo og fjære
  • kan forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda, forklare korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til og bruke ulike modellar til å illustrere dette
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
  • har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag

Ferdigheit

Kandidaten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan legge til rette for og gjennomføre tverrfagleg teknologiundervisning knytt til tema innan fysikk og kjemi

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.

Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.

Arbeidskrav

Gjennom semesteret skal studenten fortløpande levere arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:

  • Deltaking i undervisning (80%)
  • Oppgåver knytta til praksis
  • Faglig og didaktisk arbeid
  • Fag 1: Oppgåver knytta til grunnleggande digital kompetanse
  • Fag 2: Akademisk tekst: Studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator

Meir om hjelpemiddel