MGUPE401 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 4 - Den forskande, nyskapande og etisk medvitne lærar

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet skal studenten utvikle eit analytisk og kritisk perspektiv på arbeidet i skulen og sin eigen praksis som framtidig lærar. Dette skal forankrast i pedagogisk forsking og i etiske og vitskapsteoretiske grunnlagsproblem.

Emnet inngår som det siste av fire emne i faget Pedagogikk og elevkunnskap i grunnskulelærerutdanninga 5-10. Emnet går parallelt med masteroppgåva i 5. studieår.

  • Danning, oppseding og utdanning i eit kritisk perspektiv
  • Pedagogiske grunnsyn 
  • Perspektiv på læring
  • Vitskapsteori
  • Yrkesetikk 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn. 
  • har avansert kunnskap om elevens læring, sosialisering og identitetsutvikling 
  • har avanserte kunnskapar om ulike pedagogiske grunnsyn
  • har avansert kunnskap om ulike vitskapsteoretiske ståstadar

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan kritisk vurdere skulen si rolle og funksjon i samfunnet
  • kan kritisk analysere og bruke skulens verdigrunnlag. 
  • kan kritisk drøfte utfordringar i realiseringa av gjeldande læreplan og andre styringsdokument 
  • kan identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål med grunnlag i etisk teori. - kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og muligheiter i ein utviklingsorientert skule. 
  • kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis og som grunnlag for ei masteroppgåve.

Krav til forkunnskapar

Bestått praksis

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli brukt varierte undervisnings- og arbeidsmåtar, med vekt på studentaktivitet og casestudium. Litteraturseminar og workshops knytt til sentrale tema i emnet med bruk av norsk og internasjonal forskingslitteratur. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga, og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon og kritisk drøfting av teori og praksis er sentralt i emnet.

Arbeidskrav

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfylgjande semesteret etter godkjenninga.

  • Obligatorisk frammøte (80 %)
  • Ei skriftlege oppgåve med relevans for masteroppgåva
  • Ei munnleg oppgåve knytt til ein yrkesetisk case.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Nærare retningslinjer vil vere klare ved semesterstart. 

Vurderingsform

Semesteroppgåve: tema/problemstilling analysert og drøfta i lys av teori og forskingslitteratur.

Karakterskala: A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel