MGUSA502 Samfunnsfag 3, emne 2 - Samfunn, utdanning og læring

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet fokuserer på fagdidaktiske problemstillingar knytt til formidling av samfunnsfag i ulike læringskontekstar. Det blir lagt særleg vekt på korleis slik formidling er prega av kulturelle og politiske kontekstar.

Emnet tar utgangspunkt i samfunnsfagdidaktikken og handlar om kva som er siktemål og hensikt med samfunnsfag, grunngjevingar for faget, kva det skal innehalde, og mogelege fagdidaktiske arbeidsmåtar. Det blir lagt vekt på å øve opp studentane si evne til kritisk vurdering av samfunnsfaglege framstillingar. Sentralt står ei kritisk drøfting av bruken av historie, både i og utanfor undervisningsinstitusjonane. Emnet fokuserer også på ulike perspektiv av berekraft på ulike nivå og i ulike kontekstar, og korleis til dømes globaliseringsprosessar stiller utdanningssystemet ovanfor nye utfordringar, også når det gjeld praktisk fagdidaktisk arbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten har

  • inngåande kunnskapar om samfunnsfaglege læringsperspektiv, arbeidsmåtar og formidlingstradisjonar
  • inngåande kunnskapar om sentrale didaktiske problemstillingar og teoriar
  • inngåande kunnskapar om relasjonen mellom berekraft, globalisering og utdanning
  • inngåande kunnskapar om utviklingsteori og skiftande samanhengar mellom utvikling og utdanning
  • inngåande kunnskapar om omgrepa historiemedvit og minnepolitikk
  • inngåande kunnskapar om eit utval konkrete situasjonar/konfliktar nasjonalt og internasjonalt der minnepolitikk står sentralt

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • analysere og kritisk vurdere samfunnsfaglege framstillingar og praksisar
  • nytte samfunnsfaglege metodar og kjelder i undervisning og formidling
  • nytte eit utval av digitale fagdidaktiske verktøy
  • drøfte ulike utviklingsteoretiske perspektiv på utdanning og kritisk analysere globaliseringas konsekvensar for utdanning 
  • reflektere kritisk kring bruken av historiske hendingar og historiske forteljingar i politisk retorikk

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • problematisere samanhengar mellom kunnskapar, teoriar og praksisar innan feltet samfunnsfagdidaktikk
  • kritisk vurdere korleis globale prosessar påverkar utdanning og utdanningas rolle i eit samfunn
  • reflektere kring måtar historie brukast på i politikk, undervisning, og den ålmenne samfunnsdebatten 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101, MGUSA201, MGUSA301, MGUSA401

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeid med eigne tekstar, praksis.  

Arbeidskrav

Ei individuell, skriftleg oppgåve på inntil 2500 ord. 

Utfyllande retningsliner for arbeidskrava vil bli delt ut ved semesterstart. Arbeidskrava må være godkjente for at studentane skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.

Karakterskala: A - F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel