NAB1001 Fysikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Newton sine lovar i to dimensjonar, energi, impuls og rørslemengd. Sirkelrørsle med tregleiksmoment og spinn. Utrekning av kraftmoment og tyngdepunkt. Trykk og oppdrift. Tilstandslikninga, pVT-diagram, lengd og volumutviding. Bølgjer og enkle svingingar.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

  • Studenten har kjennskap til rørslelikningane, Newton sine lovar, rettlina og krum rørsle i fleire dimensjonar.

 Studenten kan:

  • Føresetnadane for likevekt i emnet statikk.
  • Gasslovane.
  • Bernouilli si likning med og utan tapsledd.
  • Akustiske og elektromagnetiske bølgjefenomen.
  • Geometrisk optikk.
  • Satellittrørsler.
  • Den allmenne gravitasjonslova.

- Ferdigheitar:

Studenten kan kalkulera:

  • Distanse, fart og akselerasjon.
  • Krefter, trykk og moment.
  • Trykk, volum, masse og temperatur ved å nytta gasslovane.
  • Farten på væske, trykk og høgd ved å nytta Bernouilli si likning.
  • Fart, frekvens og bølgjelengd for akustiske og elektromagnetiske bølgjer.
  • Refleksjons- og brytingsvinkel.
  • Satellittrørsle.

- Generell kompetanse:

Studentane kan nytta fysikkunnskapane:

  • Som ein reiskap i vidare studium mot bachelorgrad og i profesjonen sin.
  • For å betre sikkerheiten ombord.
  • I arbeidet med bacheloroppgåva.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, rekneverkstad og lab

Arbeidskrav

  • 3 obligatoriske innleveringer. Alle tre må vera godkjent for å ta eksamen

.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulen si Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen)

Godkjent kalkulator er: Casio fx-991EX.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING1004 (NET) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING1004 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RØRKO1038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RØRKO013 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • KO013 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • INGB1038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RE026 (5) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • INGB038 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RE026 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB009 (1) - Fysikk - Reduksjon: 5 studiepoeng