Hopp til innhald

Studieplan - Human Resource Management (HRM) i den norske modellen

Hausten 2022

Innhald

Studiet skal gi grunnleggande kunnskapar om HR-funksjonen sitt ansvar, rolle og oppgåver i styring og leiing av organisasjonar. Krav til HR som forretningspartnar og prosessansvarleg vektleggast, og relevante prosessar, metodar og verktøy blir gjennomgått.

Innhold

Hovudtema vil vere dei oppgåvene som HR er ansvarleg for, og som skal sikre at organisasjonen når dei forretningsmessige måla og ambisjonane sine.

Det vektleggast å knytte relevant litteratur/pensum til beste praksis i private og offentlege organisasjonar

Studiet skal gi studentane:

  • innsikt og forståing for HR-funksjonen sitt ansvar og oppgåver
  • auka kompetanse om leiing av menneskelege ressursar
  • kunnskap om relevante metodar, verkemiddel og verktøy
  • teori kopla mot "beste praksis" frå næringsliv og forvaltning

Målgruppe
Studiet passar for alle som arbeider med HR i privat eller offentleg verksemd eller som ønsker å kvalifisere seg for ei stilling innan HR.

Organisering
All undervisning skjer i Høgskulen sine lokale på campus Kronstad i Bergen. Studiet er samlingsbasert med til saman 3 helgesamlingar. Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid, presentasjonar, diskusjonar og rollespel. Det blir brukt gjesteforelesarar etter behov.

Kurset vil vere IKT-støtta slik at kontakt mellom deltakarane og lærarane vil kunne oppretthaldast mellom samlingane.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesninger, diskusjon, erfaringsutveksling, gruppearbeid og individuell oppgåveløysing. Canvas blir brukt som digital læringsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

Kandidaten skal levera eitt individuelt arbeidskrav som blir vurderinga gitt godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskravet må vera godkjent før eksamen kan takast.

Kurset er modulbasert med 3 helgesamlingar. Det blir tillate maksimalt 20 % fråvær.

Vurderingsform

Individuell eller gruppebasert semesteroppgåve med justerande munnleg eksamen.