Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i landmåling og eigedomsdesign

Hausten 2023

Studiet skal gi landmålaren kunnskap innan eit breitt spekter av tekniske fag og eigedomsfag. Undervisninga dekker heile prosessen frå til dømes planlegginga av eit bustadområde og fram til eigedomen er registrert i offentlege register.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i Landmåling og eigedomsdesign skal ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kandidaten har brei og heilskapleg kunnskap om arealplanlegging, eigedomsfag, landmåling og geografiske informasjonssystem, med særleg fokus på innhald og kvalitet i offentlege eigedomsregister.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, rettslære, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis ein kan integrere desse i eigedomsfagleg problemløysing. 
  • Kandidaten skal med hovudvekt på landmålarprofesjonen ha kunnskap om teknologien si historie, teknologiutvikling, kva rolle landmålaren har i samfunnet, i tillegg til følgjene av utvikling og bruk av offentlege eigedomsregister. 
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor tekniske fag og eigedomsfaget, og relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor desse faga. 
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom å innhente informasjon og ha kontakt med fagmiljø og praksis. 

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor tekniske fag og eigedomsfag med grunngjeving for vala sine. 
  • Kandidaten har digital kompetanse innan landmåling og geografiske informasjonssystem, kan arbeide i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid. 
  • Kandidaten kan identifisere, planleggje og gjennomføre tekniske og eigedomsfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team. 
  • Kandidaten kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling. 
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved å vere med på å utvikle og realisere berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar. 

Generell kompetanse: 

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske følgjer av produkt og løysingar innanfor eigedomsfaget og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livslaupsperspektiv. 
  • Kandidaten kan formidle teknisk og eigedomsfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og kan bidra til å synleggjere kor viktig teknologien er og kva følgjer han får. 
  • Kandidaten kan reflektere over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse utøvinga til den aktuelle arbeidssituasjonen. 
  • Kandidaten kan bidra til å utvikle god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innanfor eigedomsfaget og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre.
     

Innhald

Hovudelementa i bachelorprogrammet byggjer på:

  • Rettslære-, eigedoms-, arealplanfag: 55 studiepoeng
  • Landmåling, GIS: 55 studiepoeng
  • Støttefag (matematikk, osv.): 20 studiepoeng
  • Valemne: 30 studiepoeng
  • Bacheloroppgåve: 20 studiepoeng

Bachelorstudiet er treårig, og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tar studenten normalt 30 studiepoeng. Alle studentar har felles opplegg i dei fire fyrste semestera. I 5. og 6. semester vel studenten emne frå ei liste av aktuelle valemne. Valfrie emne gir studentane moglegheit til å lage ein personleg profil på emnesamansetninga. Enkelte valemne blir undervist komprimert over kortare tid. 

Arbeidsformer

Undervisningsforma er sterkt fagavhengig og spenner frå forelesingar, gruppearbeid, ekskursjonar og problem-/prosjektbasert læring. I tillegg er det obligatoriske arbeidskrav i form av felt- eller laboratorieøvingar i nokre emne.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna har undervisning på engelsk. Undervisningsspråket er engelsk når internasjonale studentar deltek.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.  Det er mogleg å studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon, fortrinnsvis i 4., 5. eller 6. semester.