Overvaking av ustabile fjellsider

Vidareutdanning på masternivå

I dette emnet lærer du om ustabile fjellsider som blir overvaka i Noreg og andre stader i verda. Vi undersøker geologien og instrumenteringa på det ustabile fjellpartiet «Stampa» i lag med geologar frå NVE.

Sogndal

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav

Bachelorgrad i geologi/geovitenskap

Søknadskode

1414

Slik søker du:

    • Logg inn i SøknadsWeb.
    • Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
    • Velg «Ingeniør, maritim og klima».
    • Trykk på «Søk» under «Videreutdanning høst 2025».
    • Velg studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode over).
    • Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere overvaking av ustabile fjellsider?

Norge har mange fjellsider som er i rørsle. I dag blir ti av desse overvaka kontinuerleg med ulike typar instrument. Opp i gjennom historia har kollapsa fjellsider ført til mange omkomne, særleg på grunn av tsunamiar utløyste av fjellskred som har gått ned i fjorden eller i ein innsjø.

Ved å læra om korleis fjellsider bevegar seg og korleis desse kan instrumenterast kan ein vera med å laga overvakingssystem som kan varsla når eit fjellparti nærmar seg ei utgliding. Målet er at ingen skal omkomma i nye fjellskred i Noreg.

Kva lærer du?

Dette kurset er på masternivå. Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du lære:

  • Om geologiske forhold og modellar som forklarar bevegelsen til ustabile fjellparti.
  • Om instrument som blir brukt til å overvake ustabile fjellsider: Radar, tiltmeter, extensometer, laser, totalstasjon, DGPS-nettverk og boreholsinstrumentering.
  • Å tolke data innsamla med ulike typar instrument, og forstå kvaliteten på datamateriale når det gjeld nøyaktigheit og presisjon.
  • Åtolke terrengmodellar og flyfoto for å lokalisere ustabile fjellsider og kunne planlegge eit tenleg overvakingssystem basert på bevegelsen (type instrument, plassering m.m.).

Les meir om kva du lærer i emneplanen GE4-305 Overvaking av ustabile fjellsider

Målgruppe

Målgruppa er masterstudentar i geologi og geologar i arbeidslivet med godkjent bachelorgrad i geologi. 

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Undervisninga er forelesingar, felttur og oppgåveløysing med presentasjon, og blir gitt på norsk. 

Vi har felttur til det ustabile fjellpartiet «Stampa» – Joasetebergi, mellom Aurland og Flåm, i lag med geologar frå NVE. Vi undersøker geologien og instrumenta som måler bevegelsen i fjellsida.

Etter feltarbeidet jobbar vi i grupper med ulike datasett som er samla inn på Stampa, eller datasett frå andre ustabile fjellsider i Noreg. Alternativt kan gruppa ta utgangspunkt i eit ustabilt fjellparti i Noreg som per i dag ikkje er overvaka, og lage eit oppsett/forslag for eit overvakingssystem for dette fjellpartiet. Gruppearbeidet skal presenterast munnleg.  

Samlingar

Det blir både undervisning og arbeid med oppgåver i klasserom ved campus Sogndal, samt feltpraksis i 2025.

Datoar:

  • Måndag 02.06: Kl. 12.00-16.00, førelesingar ved campus Sogndal
  • Tysdag 03.06: Kl. 09.15-16.00, førelesingar ved campus Sogndal
  • Onsdag 04.06: Feltpraksis/ekskursjon – heile dagen (0900-1800)
  • Torsdag 05.06: kl. 09.15-16.00, arbeid med gruppeoppgåver, ved campus Sogndal
  • Fredag 06.06: Kl. 09.15-13.00, presentasjonar, ved campus Sogndal

Eksamensform

Eksamen er i august, og er todelt. I del 1 skal du skrive ein populærfagleg artikkel på norsk. Del 2 er ein skriftleg digital heimeeksamen.

Om del 1: Du skal skrive ein populærfagleg artikkel om forskinga og resultata frå ein av fagartiklane i pensumlista. Artikkelen skal vere retta mot ikkje-ekspertar. Lengda skal vere mellom 4 500 og 6 000 teikn med mellomrom.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs