Mannlig lærer smiler mot kamera. Han sit i ein undervisningssituasjon med to elevar. Elevane sit med ryggen mot kamera, litt uklare på bildet

Undervisning i nynorsk som sidemål

Vidareutdanning på bachelornivå

Vil du lære meir om korleis du kan undervise i nynorsk for å gjere undervisninga meir effektiv, motiverande og meiningsfull for både deg og elevane dine?

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar

    Viss det blir ledige studieplassar når søknadsfristen går ut vert studiet lagt ut på ledige studieplasser og tilbod om plass blir gitt fortløpeande til kvalifiserte søkjarar fram til det er fullt eller til studiet startar opp.

    Studiekode i Søknadsweb

    8530

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere undervisning i nynorsk som sidemål?

    Sidan dei fleste elevane berre møter nynorsk i skulen, kan det vere krevjande for lærarar å undervise i nynorsk som sidemål. Dette faget vil handle om korleis du kan gjere nynorsken lettare tilgjengeleg gjennom fokus på gode undervisningsmetodar som knyter nynorsken til elevane sitt eige språk og sin eigen kvardag. 

    Kva lærer du?

    Emnet legg vekt på kva nynorsk er, kvifor vi har nynorsk på skulen, og korleis vi skal undervise i nynorsk som sidemål - med klar vekt på det siste. Metodar som språkdusj, språksamanlikning og bruk av moderne nynorsk litteratur har som mål å gjere undervisninga di meir variert og engasjerande for elevane.

    Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (NSS801).

    Målgruppe

    Emnet er retta mot lærarar som driv undervisning i nynorsk som sidemål.

    Dette er faget for deg som har nynorsken godt under huda allereie, for deg som kjenner du treng litt meir påfyll før du skal i gang med undervisninga, og for deg utan nynorskbakgrunn.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene kan i hovudsak spelast av når studenten sjølv vil.

    Men det vil òg vera økter der studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid. Desse øktene er spesifisert under "Samlingar".

    Samlingar

    Nettundervisning, haustsemesteret 2026.
    Her deltek ein digitalt. Desse øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vera fem slike økter à 2 timar på Zoom. 

    Tysdag 25. august 14.00-16.00
    Tysdag 29. september 14.00-16.00
    Tysdag 27. oktober 14.00-16.00
    Tysdag 24. november 14.00-16.00
    Tysdag 8. desember 14.00-16.00

    Pensum

    Fridtun, K. (2023). Nynorsk for dumskallar. Samlaget.

    Meir informasjon om pensum kjem ved studiestart.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs