Vestibulære sjukdommar – svimmelheit

Treffer du pasientar med vestibulære sjukdommar i din praksis og treng fagleg påfyll? Denne vidareutdanninga er utarbeidd for fysioterapeutar, legar og kiropraktorar som ynskjer fagleg påfyll av kunnskap og ferdigheiter i undersøking og behandling av pasientar med akutt, episodisk og kronisk svimmelheit innan vestibulære sjukdommar der fokus er på svimmelheit.

Utdanninga er utarbeidd og vert tilbydd i samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer. Utdanninga er forskingsbasert og gir innsyn i kva som finnast av kompetanse innan feltet. Emnet har ei klinisk tilnærming til tematikken og er retta mot helseprofesjonar som møter denne pasientgruppa i sin praksis.

Utdanninga er bygd opp rundt 6 hovudtema:

  1. Introduksjon
  2. Balansesystemets anatomi, fysiologi og patologi
  3. Kompensering ved svimmelhet
  4. Svimmelhet i ulike faser
  5. Undersøkelse og behandling
  6. Pasienter med sammensatte plager

Vi arbeider med kasuistikkar for å aktualisere fagstoffet og gjere det klinisk relevant.

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Ein kan søkje om å få emnet innpassa i ei relevant masterutdanning.

Målgruppe: Fysioterapeutar, kiropraktikarar og legar.

Undervisningsmåtar

Studiet er ein kombinasjon av nettstudium og ei samling. Det er lagt opp på deltid og går over 10 veker våren 2021. Studentarbeidstimar er berekna til 20 timar per veke.

Den digitale undervisinga er ei blanding av synkron og asynkron forelesing, spørjetimar, diskusjonsforum, gruppearbeid, quiz og podcastar slik at ein kan studere ved sidan av å vere i arbeid.

Digitale læringsressursar er tilgjengeleg i Canvas og du får tilgang til å rette spørsmål og drøfte fagstoff med undervisarar undervegs i utdanninga gjennom den digitale plattforma. På samlinga er det hovudvekt på rettleia ferdigheitstrening og nettverksbygging.

Studiet legg vekt på varierte undervisingsformar der målet er at studentane skal øve opp sine praktiske ferdigheiter, generell kompetanse og kunnskapar. Det vert lagt til rette for å relatere undervisninga og læringsaktivitetane til den kliniske kvardagen for å gjere fagstoffet motiverande og relevant.

Studiestart: 15. mars 2021

Samlingsdato: 12. april–14. april (lunsj-til-lunsj)

Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad i Bergen

Sjå timeplanen