Overvaking av ustabile fjellsider

Etter- og vidareutdanning

I dette emnet lærer du om ustabile fjellsider som blir overvaka i Noreg og andre stader i verda. Vi undersøker geologien og instrumenteringa på det ustabile fjellpartiet «Stampa» i lag med geologar frå NVE.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad i geologi/geovitenskap

    Om å søke opptak til HVL

    Dette kurset er på masternivå. Du lærer:

    • om geologiske forhold og modellar som forklarar bevegelsen til ustabile fjellparti,
    • om instrument som blir brukt til å overvake ustabile fjellsider: Radar, tiltmeter, extensometer, laser, totalstasjon, DGPS-nettverk og boreholsinstrumentering,
    • å tolke data innsamla med ulike typar instrument, og forstå kvaliteten på datamateriale når det gjeld nøyaktigheit og presisjon,
    • å tolke terrengmodellar og flyfoto for å lokalisere ustabile fjellsider og kunne planlegge eit tenleg overvakingssystem basert på bevegelsen (type instrument, plassering m.m.).

    Målgruppe

    Målgruppa er masterstudentar i geologi og geologar i arbeidslivet med godkjent bachelorgrad i geologi. 

    Korleis er undervisninga?

    Oppstart er juni 2024, og det er obligatorisk oppmøte mandag 3. juni til fredag 7. juni.

    Undervisninga er forelesingar, felttur og oppgåveløysing med presentasjon, og blir gitt på norsk. 

    Vi har felttur til det ustabile fjellpartiet «Stampa» – Joasetebergi, mellom Aurland og Flåm, i lag med geologar frå NVE. Vi undersøker geologien og instrumenta som måler bevegelsen i fjellsida.

    Etter feltarbeidet jobbar vi i grupper med ulike datasett som er samla inn på Stampa, eller datasett frå andre ustabile fjellsider i Noreg. Alternativt kan gruppa ta utgangspunkt i eit ustabilt fjellparti i Noreg som per i dag ikkje er overvaka, og lage eit oppsett/forslag for eit overvakingssystem for dette fjellpartiet. Gruppearbeidet skal presenterast munnleg.  

    Eksamen

    Eksamen er i august, og er todelt. I del 1 skal du skrive ein populærfagleg artikkel på norsk. Del 2 er ein skriftleg digital heimeeksamen.

    Om del 1: Du skal skrive ein populærfagleg artikkel om forskinga og resultata frå ein av fagartiklane i pensumlista. Artikkelen skal vere retta mot ikkje-ekspertar. Lengda skal vere mellom 4 500 og 6 000 teikn med mellomrom.

    Du finn meir informasjon i emneplanen GE4-305 Overvaking av ustabile fjellsider