
Høgskulen på Vestlandet får 7 millionar til kommersialisering av forsking
HVL har tydelege ambisjonar om å styrke arbeidet med forskingsbasert innovasjon og kommersialisering av forsking. Dei ferske midlane frå Forskingsrådet gir rom for å satse endå meir.
– Det er særs gledeleg at Forskningsrådet har tildelt desse midlane til HVL. Dette er ei anerkjenning av høgskulen sitt langsiktige og strategisk arbeid rundt innovasjon og kommersialisering av offentleg finansiert forsking, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.
Forskingsrådet påpeikar at interessa for nyskaping frå forsking er aukande. Totalt fekk dei inn 34 søknader frå 40 ulike forskingsorganisasjonar. I denne utlysinga er det særleg lagt vekt på å styrke den tidlege fasen av kommersialiseringsarbeidet hos forskingsorganisasjonane.
Prorektor for forsking, Christine Øye. Foto: Eivind Senneset.
Tett samarbeid med Vestlandets Innovasjonsselskap
Ifølgje prorektor Christine Øye, vil tildelinga frå Forskningsrådet kunne brukast til å vidareutvikle fleire kommersialiseringsprosjekt og sikre immaterielle rettigheiter, i tett samarbeid med vår TTO og samarbeidspartner Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS).
VIS er ein sentral og integrert del av HVL sitt apparat for kommersialisering av forsking.
– Gjennom tenestekjøpsavtalen HVL har med VIS, er deira viktigaste oppgåve å bidra til at forskingsresultata med kommersielt potensial som vert utvikla av forskarar ved HVL kan bli tatt i bruk, til det beste for samfunnet, seier Terje Gravdal, fagansvarleg for forskingsbasert innovasjon ved HVL.
Gravdal er glad for moglegheitene som midlane frå Forskingsrådet gir, i kombinasjon med midlane som HVL sjølv stiller med til satsinga.
– Vi ønskjer no å identifisere fleire idear med kommersielt potensiale i tett samarbeid med tilsette ved HVL og VIS. Vi ønskjer også å jobbe målretta for å identifisere prosjekt som eignar seg under Forskingsrådet sine kvalifiserings- og verifiseringsutlysingar. Dette er prosjekt der ein kan søke prosjektmidlar for å bringe forskingsresultat nærmare kommersialisering. HVL og VIS har hatt relativt god tilslagsprosent på særleg kvalifiseringsprosjekt dei siste åra, seier han.
Professor Dhayalan Velauthapillai. Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien.
Protonterapi, VR-spel og superkondensatorar
HVL har allereie fleire prosjekt der kommersialisering av forskinga har kome langt. Mellom anna har branntryggleiksmiljøet i Haugesund fått lisensavtale på ein mobilapplikasjon for varsling av brann. Denne er utvikla av HVL gjennom NFR-prosjektet BUILDER.
For tida er det også tre HVL-prosjekt i VIS si oversikt over lisensmoglegheiter:
- I Horisont Europa-prosjektet NOVO, leia av førsteamanuensis Ilker Meric utviklar dei ny teknologi for doseverifisering innan protonterapi. Den avanserte strålebehandlinga er kjend for sin presisjon i å treffe svulstar, samtidig som den skånar friskt vev. Problemet med dagens system er at vi ikkje alltid er sikre på kor godt den treff målet i sanntid, slik at dei kan ende opp med å ikkje treffe heilt perfekt. Så langt har den nye verifiseringsteknologien blitt testa i laboratorium med gode resultat. No ser dei etter partnarskap og samarbeid med industripartnarar og potensielle lisenshavarar.
- Forskargruppa Avanserte nanomaterialer til ren energi- og helseapplikasjoner(ANCEHA) leia av professor Dhayalan Velauthapillai, har utvikla banebrytande materiale for superkondensatorar: Novel Electrode Materials. Lav vekt, høg effekttetthet, raske lademolegheiter og lang levetid, gjer at denne teknologien kan få stor betydning for neste generasjons energilagringsløysingar.
- Prosjektet VR Walk er leia av høgskulelektor Lars Peder Bovim. Dette VR-spelet skal hjelpe pasientar som jobbar med å gjenopprette sine gang- og gåferdigheter. Dei ser etter bedrifter som kan selge spelet til rehabiliteringssenter, sjukehus eller fysioterapeutar.
Førsteamanuensis Martin Fodstad Stølen leier prosjektet FutuRaPS. Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien.
Faktaboks: Nyskaping og kommersialisering av forsking ved HVL
- HVL deltek i fleire større, internasjonale innovasjonsprosjekt både med og utan kommersiell innretning, både som prosjektleiar og -partner. Eit døme er HVL si leiing av Horisont Europa-prosjektet OCEAN, som utviklar nye navigasjonssystem for å forhindre ulykker til sjøs.
- HVL er også partnar i Horisont Europa-prosjekta WHITECYCLE, som skal oppskalere innovative prosesser for resirkulering av plast, og B-PREPARED, som handlar om samfunnsberedskap gjennom utvikling av VR-spel og kunnskapsplattformer.
- HVL har også tatt del i Horisont Europa-prosjekt for å bygge innovasjons- og entreprenørskapskompetanse blant doktorgradsstudentar og unge forskarar (DocTalent4EU og Intrepid-HEI), og har etablert et eget entreprenørskapsprogram for HVL sine studentar, HVL Skape.
- Eit sentralt verkemiddel i HVL sitt innovasjonsarbeid er Program for idéutvikling, etablert i 2022. Programmet støttar tilsette og studentar som ønskjer å teste innovasjonspotensialet i sine prosjekt.
- HVL er også ein sentral aktør i innovasjonsøkosystemet på Vestlandet, og samarbeider tett med regionale, nasjonale og internasjonale partnarar på tvers av sektorar og tematiske områder for å fremme forskingsbasert innovasjon, kunnskapsoverføring og kommersialisering.
- HVL er partnar i eit innovasjonsprosjekt om utvikling av utsleppsfri autonom bybåt og deltek som FoU-partnar i det nasjonale testområdet for autonom skipsfart i Haugesund. Prosjekt som Teknoløft Sogn og Fjordane (automatisering og digitalisering) og FutuRaPS (eit prosjekt om landbruksrobotar), FME HyValue og SFI Smart Ocean er andre eksempel på korleis HVL samarbeider med lokale bedrifter og offentlege aktørar for å fremme teknologisk utvikling, regional verdiskaping og bygging av kompetanse.
- Har du spørsmål om forskingsbasert innovasjon og kommersialisering av forsking ved HVL? Ta kontakt med Øyvind Drivenes.