Nye studietilbod svarar på krav i tida

Fleire fleksible utdanningar, praksisnære og heilskaplege studieløp – Høgskulen på Vestlandet styrkar si studieportefølje med fleire fagtilbod frå hausten 2022.

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal er særs nøgd med måten det vert jobba med utviklinga av utdanningane ved høgskulen.

– Frå hausten 2022 kan vi mellom anna tilby 44 bachelorutdanningar, 36 masterutdanningar og 5 doktorgradsprogram. I tillegg har vi årsstudium og eit godt tilbod av vidareutdanningar. Studieprogramma tilbys på mange ulike måtar - som heiltid, deltid, desentralisert, nett- og samlingsbasert, nettbasert og campusovergripande. Samla har vi eit bredt tilbod av utdanningar og håpar å nå mange ulike studentgrupper.

Grønare ingeniørutdanningar

Korleis skal vi greie å saman bygge eit meir berekraftig samfunn? Dette viktige spørsmålet finn ein igjen i fleire av dei fleire av fagtilboda på ingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet hausten 2022. Bachelor i berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi gir deg ikkje berre grunnleggande ingeniørkompetanse, du blir samstundes gjort kjend med nye forretningsmodellar, metodar og teknologi vi treng om vi skal greie å omstille oss

Studiestaden er Bergen. Du kan lese meir om bachelor i berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi her.

Frå hausten tilbyr Høgskulen på Vestlandet også master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping som gjev deg høve til å utvikle dine eigne forretningsidear. I tillegg får du kunnskap om korleis du kan bidra til det grøne skiftet gjennom teknologiutvikling, entreprenørskap og bedriftsutvikling.

Studiestaden er Bergen. Du kan lese meir om master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping her.

I tillegg er eit nytt mastergradstilbod i berekraftig energiteknologi under planlegging. Planlagt oppstart er høsten 2022. 

Endeleg klar for etterlengta nautikkutdanning med integrert praksis

Frå hausten tilbyr Høgskulen på Vestlandet som første utdanningsinstitusjon i Noreg bachelorgrad i nautikk der praksis er ein integrert del av i utdanninga. Det har lenge vært eit ønske både blant studentar og i næringa. Utdanninga er fireårig og no vil ein gå ut frå studiet med dekksoffisersertifikat klasse 3. og vere kvalifisert til å arbeide som ansvarshavande vaktoffiser eller overstyrmann på skip.

– Dette fjernar ein del usikkerheit og gjer at du kan kjenne deg trygg på at du er kvalifisert og klar for arbeid på sjøen når du er ferdig med bachelorgraden, fortel Johanne Marie Trovåg, leiar for Institutt for maritime studium ved Høgskulen på Vestlandet.

Studiestaden er Haugesund. Du kan lese meir om bachelor i nautikk med integrert praksis her.

Ny master i sosialvitskap – aukar kompetansen på viktig samfunnsområde

I samfunnet er det eit aukande behov for menneske som kan arbeide med komplekse problemstillingar knytt til barnevern, helse – og omsorgstenester så vel som frivillig sektor. Det nye masterprogrammet i sosialvitskap svarar på behovet og har studieretningane barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid og samfunnsarbeid.

– Utdanninga bringer deg tett på problemstillingar ein står i og gjer det mogleg å vidareutvikle seg. Du får fordjupe deg innan ditt felt, samstundes som vi i fellesemna løftar viktige perspektiv på korleis me kan motarbeide sosial ulikheit. I første omgang tilbyr me studiet i Bergen, men me arbeider for å på sikt også kunne tilby utdanninga i Sogndal, seier Ingunn Barmen Tysnes, førsteamanuensis ved Institutt for velferd og deltaking.

Studiestaden er i Bergen. Du kan du lese meir om master i sosialvitskap her. 

Fagseksjonsleiar
Institutt for velferd og deltaking

Nye, meir heilskaplege lærarutdanningar

Regjeringa erklærte i 2020 at masterutdanning skal vere hovudmodell for norsk lærarutdanning, noko som betyr at lærarutdanning i musikk og kroppsøving og idrettsfag skal vere femårig. Høgskulen på Vestlandet vil som einaste undervisningsinstitusjon på Vestlandet tilby ei femårig lærarutdanning i musikk og kroppsøving og idrettsfag for trinn 1. til 13. trinn.

 – Det er eit stort behov for praktiske og estetiske fag i grunnskulen. Desse utdanningane er eit svar på det, seier Gunn Haraldseid prodekan for utdanningskvalitet i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Denne nye utdanninga gjer det mogleg å spesialisere seg innan sine interessefelt. Og avhengig av kva retning du vel, kan du kvalifisere deg for undervisning både i grunnskule og vidaregåande skule.

Studiestaden er Stord og Bergen. Du kan  lese meir om lærarutdanning i musikk og kroppsøving og idrettsfag her. 

Frå hausten 2022 vil ein også tilby master i kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet. Masterprogrammet er organisert som eit samlingsbasert og nettstøtta deltidsstudium og normert studietid er på fire år med studieretningane musikk, anvendt drama og teater, barne- og ungdomslitteratur og kunst og handverk. Masterutdanninga er relevant for arbeid i skule, samstundes viser samfunnsutviklinga at behovet for menneske med kompetanse om kreativ læring og formidling aukar også elles i samfunnet.

 – Som student har du moglegheit til å fordjupe deg i di studieretning, samstundes som vi i fellesemna løfter fram felles perspektiv på kreativitet, estetikk og læring, fortel Åsmund Espeland, høgskulelektor ved Institutt for kunstfag.

Studiestaden er Stord og Bergen. Du kan du lese meir om master i kunstfag her.

Førsteamanuensis
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Fleire fleksible utdanningar!

Ein student er så mangt, og Høgskulen på Vestlandet er opptekne av å utarbeide og tilby fleksible studieløp til deg som ønskjer å studere hjå oss. Frå hausten 2022 kan du studere samlingsbasert og nettstøtta grunnlærarutdanning (1-7). Du kan også studere Master i barnehagekunnskap som ei fireårig nettstøtta og samblingsbasert deltidsutdanning. (Det er framleis høve til å studere fulltid ved Campus Sogndal). Du kan lese meir om master i barnehagekunnskap på deltid her

Fleire av dei fleksible utdanningane har eit fokus på berekraft. Du kan også ta utdanning som elkraftingeniør gjennom eit fleksibelt, nettbasert studium ved Høgskulen på Vestlandet. Studiet fokuserer på korleis vi kan sikre effektiv overføring og bruk av energi.

Du kan lese meir om studiet her. 

Høgskulen på Vestlandet tilbyr også eit nett og samlingsbasert studie i automatisering og robotikk. Det er eit framtidsretta fag der ein  gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg skapar effektive prosessar som gi mindre sløsing og forureining.

Du kan lese meir om studiet her. 

Fant du ikkje de du leita etter? Her kan du lese meir om dei andre fleksible utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet.

Du finn alle studietilboda på hvl.no.