Desse er klare for Samtidsdagane

Set folkehelse, utanforskap, sosial berekraft, mangfald og konflikt på dagsorden.

30. og 31. januar 2024 er det duka for Samtidsdagane på campus Stord. Høgskulen på Vestlandet (og tidlegare Høgskulen Stord/Haugesund) har sidan 2009 arrangert Samtidsdagane, som ein viktig årleg møtestad og arena for kunnskap og refleksjon over samtida, for heile Vestlandet.

– Tematikk og den raude tråden i år er folkehelse, utanforskap, sosial berekraft, mangfald og konflikt. Tema som er viktig både for studentar og fagmiljø på campus, samstundes er det tematikk som pregar gjennom det offentlege ordskiftet, seier prosjektleiar Alf Aronsen.

Sjå nedst i saka for oversikt over det førebelse programmet for 2024.

Rom for refleksjon

Under Samtidsdagane kjem det normalt mellom 300 og 400 personar innom, kvar av dagane. Arrangementet er ope for alle. I publikum plar det vera både studentar, tilsette og samarbeidspartnarar til HVL, i tillegg til folk frå heile Sunnhordlandsregionen.

– Samtidsdagane er viktig, både som ei stemme inn i det offentlege ordskiftet og som ein viktig del av strategien til HVL, seier Christine Øye, påtroppande prorektor for forsking.

Øye har sjølv vore involvert i Samtidsdagane i mange år, der ho mellom anna har leia debattar og gjort intervju med deltakarar.

– Dette er ein fin arena for å oppmode tilsette til akademisk fridom. Ein gir dei mogelegheit til å ytre seg og synleggjere det akademiske arbeidet sitt, seier ho.

Under samtidsdagane kjem ein meir i djupna på aktuelle tema som ikkje alltid er like enkle å forstå.

– Det er rom for refleksjon og ein får betre og djupare forståing for vår tids utfordringar, som ofte er av kompleks art, seier Øye og legg til:

– Det er også ein måte å synleggjere det akademiske fellesskapet som er på campus Stord, både internt i organisasjonen, men også ut i heile regionen.

Får vise seg fram

I lys av HVL sin strategi frå 2023 til 2030, der det kjem fram eit ønske om ein tydeleg forbindelse mellom kunnskap, folk og samfunn, er Samtidsdagane eit viktig arrangement. Over to dagar får både interne forskarar ved HVL og eksterne aktørar, mogelegheit til å formidla kunnskapen sin til overfor eit større publikum.

– Visjonen til HVL er enkel, men talande, i strategien: «Kunnskap som bygger menneske og samfunn.» Visjonen er tufta på felles verdiar. Det handlar om å «inkludere», «utfordre» og «samhandle». Tre verdiar som gjenspeiler programpostane under Samtidsdagane, seier Aronsen.

Tidlegare barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen opnar seminaret tysdag 30. januar. Ho kjem for å snakka om den nye boka hennar «Det me så, var eit svik mot barna. Ei ny retning for velferdsstaten»

Andre aktuelle programpostar tysdag 30. januar:

Forfattar Olaug Nilssen skal snakka med førsteamanuensis Hege Myklebust om hennar siste roman «Uønska ådferd». Boka handlar om ein familie der eit av barna er sterke psykiske utviklingshemma. Omsorgsbehovet er enormt, døgnet rundt.  

Sosionom og forfattar Anna-Sabina Soggiu skal snakka om boka «Vi fattigfolk», som er ei sann historie om å vera fattig og å skamma seg over det.

Professor Kjetil Grimastad Lundberg frå HVL skal snakka om forskinga hans på barnefattigdom med spesielt fokus på korleis barn og unge i låginntektsfamiliar opplever livssituasjonen sin og kva tiltak og tenester som kan bidra til endring.

Førsteamanuensis på HVL Inger Kristin Heggdalsvik skal snakka om den ferske doktorgradsavhandlinga si der ho har sett på korleis profesjonelle ved familievernkontor og kommunale barneverntenester i Noreg forstår og vurderer situasjonen til barn som er i risiko for omsorgssvikt på grunn av vedvarande og høg konflikt mellom foreldre.

Forfattar Gaute Brochmann skal snakka om den aktuelle boka «Skulevegringsmysteriet. Historien om hvorfor barn og unge sitter alene hjemme i stedet for å gå på skolen».

Forfattar Camara Lundestad Joof vil snakka om rasisme, feminisme og identitet med utgangspunkt i den sjølvbiografiske boka «Eg snakkar om det heile tida» og teaterframsyninga «De må føde oss eller pule oss for å elske oss».

Onsdag 31. januar står desse postane på programmet:

Forfattar Lisa Esohel Knudsen kjem for å snakka om den aktuelle boka sin «Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk» Ho vil snakka om betydninga av omgrepa kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk og korleis dei kjem til uttrykk i samfunnet. Ho spør om endringa i bruken av ordet woke, frå noko positivt til noko negativt, også kan handla om avvising av antirasisme og ønskte om sosial endring.

Førstelektor i russisk UiB og førstebibliotekar ved HVL Kåre Johan Mjør skal snakka om den heilt ferske boka si «En introduksjon til Sovjetunionen». Ei bok om korleis Sovjetunionen voks fram som eit storstilt og brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonom, femårsplanar, fangeleirar, utreinskingar og deportasjonar, men også med ein rik litterær produksjon og eit kulturliv som påverka ei heil verd.

Professor Hilmar Mjelde frå HVL har amerikansk politikk som spesialfeltet sitt og vil snakka om forskinga si på USA med vekt på det kommande presidentvalet og kva som står på spel for demokratiet.

Førsteamanuensis Alicja Renata Sadownik frå HVL skal snakka om samarbeid med ei mangfaldig foreldregruppe i barnehagen.