Bokmålsnært talemål hos sørvestnorske barnehageborn
Oda Steindal Romarheim disputerer 20. mars for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "Variasjon og utvikling i eit bokmålsnært talemål i sørvestnorske barnehageborns rolleleikregister".
Avhandlinga i Nasjonalt vitenarkiv
Når born leikar rolleleik, endrar dei ofte måten dei snakkar på. Mange norske born som veks opp utanfor Austlandet, vekslar mellom si eiga dialekt og eit bokmålsnært talemål. Denne dialektvekslinga har ein funksjon i leiken: Ho gjer det mogleg for borna å markere at dei går inn i ei rolle og er «nokon andre» enn seg sjølve. Fenomenet er kjent, men vi veit mindre om korleis språket faktisk endrar seg – kva ord og språklege former borna brukar når dei nærmar seg eit bokmålsnært talemål.
Har kartlagt bokmålsnære trekk
Dette doktorgradsarbeidet er gjennomført som del av prosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa (MultiLit), finansiert av Forskingsrådet og leia av Øystein Alexander Vangsnes. Prosjektet har følgt ei gruppe sørvestnorske born og undersøkt kva som skjer språkleg når dei leikar rolleleik. Målet har vore å kartleggje kva for bokmålsnære trekk borna tek i bruk, og korleis desse variantane utviklar seg over tid. Studien er ein longitudinell observasjonsstudie basert på audiovisuelle opptak av elleve born og kan karakteriserast som ein komparativ kasusstudie.
Funn frå studien viser at dei fleste borna vekslar mellom lokal dialekt og bokmålsnære former, men i svært ulik grad. To born brukar ikkje bokmålsnære variantar i det heile, medan to jenter vekslar mykje. Dei to jentene som vekslar mykje, har vore gjenstand for meir detaljerte analysar. Dei detaljerte analysane viser variasjon i bruken av bokmålsnære variantar i eitt og same barn, men òg at det er variasjonar mellom borna.
Koplar teoriar om rolleleik og dialektveksling
I analysen av korleis bruken av bokmålsnære variantar utviklar seg over tid samanlikna med bruken av tilsvarande lokaldialektvariantar, kjem det fram ein tydeleg auke i bruken av to bokmålsnære variantar på gruppenivå: ær (presens av ‘å vere’) og spørjeordet va (‘hva’). For dei to jentene som vekslar mest, viser analysane svakt positive utviklingstrendar for nokre bokmålsnære variantar og svakt negative for andre.
I drøftinga blir resultata kopla til teoriar om rolleleik, tidlegare forsking på dialektveksling i leik og andre faktorar som påverkar språkleg utvikling hos born. Studien gir ny innsikt i korleis norske born tileignar seg og tek i bruk ulike språklege register i leik.
Personalia
Oda Steindal Romarheim har ein mastergrad i læring og undervising med spesialisering i norsk frå Høgskulen på Vestlandet. Doktorgradsarbeidet er gjennomført ved HVL og Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Ho har vore stipendiat ved ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved HVL.

Prøveførelesing
Tid: 09.00 – 10.00
Tema for prøveforelesning kjem snart.
Disputas
Tid: 10.30 – 14.00
Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, Storen
Prøveforelesning og disputas vil bli strøyma via Zoom.
Lenke til Zoom kjem snart.
Disputasleiar
Prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Oded Ben-Horin.
Rettleiarar
- Jorunn Thingnes Simonsen, Høgskulen på Vestlandet
- Merete Brendeford Anderssen, UIT
- Elma Blom, Utrecht
Vurderingskomité
- Førsteopponent: Universitetslektor Susan Sayehli, Stockholms universitet
- Andreopponent: Professor Leiv Inge Aa, NTNU
- Komiteleder: Professor Edit Bugge, Høgskulen på Vestlandet