HVL innsikt

På denne sida finn du informasjon om arrangementa i den populærvitskaplege satsinga HVL innsikt.

Å dele kunnskap og delta aktivt i samfunnsdebatten er eit sentralt mål for Høgskulen på Vestlandet. Hausten 2025 oppretta HVL ei satsing på populærvitskapleg formidling som har fått namnet HVL innsikt.

Arrangementa er opne for alle.

Gjennomførte arrangement

29. april 2026: HVL innsikt: Er det god integreringspolitikk å la bioingeniører bli renholdere?

Arrangementet var ein del av HVL innsikt og tok utgangspunkt i funn frå eit forskingsprosjekt finansiert av Forskningsrådet: On Equal Grounds? Migrant Women’s Participation in Labour and Labour Related Activities (EQUALPART)…

I si doktorgrad har stipendiat Guro Aasen fulgt kvinner med flukt- eller annan innvandringsbakgrunn i eit NAV-tiltak over tid. Aasen meiner at systemet som skal hjelpe desse kvinnene ut i jobb, i realiteten pressar dei inn i dei mest usikre og dårligst betalte jobbane – og held dei der.

Ho fryktar at regjeringa sitt forslag til ny integreringsstønad var på høyring våren 2026 vil forsterke dette, og særleg ramme kvinner. Eit enda sterkare fokus på at innvandrarane skal kome raskast mogleg i jobb, kombinert med reduksjon i integreringsstønad, vil gjere det særs vanskeleg for dei å få formelle kvalifikasjonar som gir dei betre moglegheiter til fast jobb og anstendig lønn. 

Mange innvandrere får aldri brukt utdanninga sin eller realisert sine ambisjonar, og Norge går glipp av viktig kompetanse. 

HVL Innsikt-arrangementet starta med ei innleiing frå  Guro Aasen, doktorgradsstipendiat, Høgskulen på Vestlandet, og blei etterfulgt av samtale mellom Kjetil Vevle, statssekretær (AP) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Alexander Papas, stortingsrepresentant for SV, Amila Suljević Melle, seniorrådgiver for arbeidsinkludering i NAV og Astrid Ouahyb Sundsbø, professor ved Høgskulen på Vestlandet. Samtalen blei leia av Irene Kinunda Afriyie, forfattar, samfunnsdebattant og gjestekommentator i Bergens Tidende. 

Kronikk

I februar hadde Aasen kronikken "Etnisk delt arbeidsmarked" på trykk hos NRK Ytring. 

29. januar 2026: Eitt år med Trump

Korleis har politikken hans endra USA og kva betyr det for verda?

Hilmar Mjelde oppsummerte Trump si første veke som president, kalla han det eit politisk blitzangrep. På få dagar signerte Trump ordre om å trekke USA ut av Parisavtalen og WHO, erklærte krisetilstand på grensa i sør og gjorde det til offisiell amerikansk politikk at det berre finst to kjønn.

Kva er så status eitt år seinare? Har USA blitt sterkare eller meir splitta? Og kva betyr dette for Europa og Noreg?

I dette frukostmøtet ved HVL i Haugesund, gav HVL-professor Hilmar Mjelde oss analysen av året som har gått og delte inntrykk frå sitt besøk i USA. Etterpå var han i samtale med Sigmund Simonsen, professor i rettsvitskap, sjørett og militær ved Høgskulen på Vestlandet om internasjonal rett, tryggleik og Noreg si rolle i ei uroleg verd. Samtalen vart leia av Christine Øye prorektor for forsking, Høgskulen på Vestlandet.

Kronikkar og medieklipp

21. oktober 2025: Einsemd som gjer deg sjuk - kan sosiale resept vere løysinga?

Einsemd er ikkje berre vondt – det er også helseskadeleg. Langvarig einsemd aukar risikoen for alvorlege sjukdommar som hjerte- og karsjukdommar, hjerneslag og diabetes type 2. Forsking viser at konsekvensane kan samanliknast med røyking, alkoholmisbruk og fysisk inaktivitet. Likevel blir det gjort lite for å førebygge.

Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Roger Ekeberg Henriksen har forska på einsemd, men også engasjert seg i kva ein kan gjere for å redusere einsemd i samfunnet. 

I dette frukostmøtet ved HVL, campus Bergen, fortalte Ekeberg Henriksen om kva det er som gjer einsemd så helseskadeleg. Han snakka også om korleis kommunar og frivillige organisasjonar kan samarbeide meir systematisk for å motverke einsemd, særleg med utgangspunkt i Hordaland Røde Kors sitt prosjekt "Sosial resept".

Etter innleiinga var det ein panelsamtale leia av Katrine Sele, kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet. 

I samtalen deltok:

Kronikk

– Også du kan bli ensom en dag, Roger Ekeberg Henriksen, HVL og Sanne Knorborg, Hordaland Røde Kors, 21. oktober