Arendalsuka 2025

HVL har mange spennande arrangement under Arendalsuka i år. Det går i alt frå USA og Europa til einsemd og handelsflåten i krise og krig. På denne sida finn du meir informasjon om arrangementa høgskulen er arrangør eller medarrangør for, eller der forskarane våre deltar i debattar.

Måndag 11. august 2025

Fører sentralisering av forskingsmidlar til mindre forsking i norsk næringsliv?

Mange peikar på at det er eit problem at norske bedrifter brukar lite ressursar på forsking på kunstig intelligens. Samtidig veit vi at bedrifter i hovudsak finansierer forsking i regionen dei er etablert i. Dette perspektivet er fråværande i regjeringa sitt nye forskningssystem, den såkalla Systemmeldinga. Bidrar sentraliseringa av norske forskningsmidlar til lavare FoU-aktivitet i privat sektor? Må verkemidla flyttast nærmare der bedriftene faktisk er? HVL-professor Reza Arghandeh deltek i samtale med Abhishek Shah frå Tryg Forsikring. Ordstyrar er prorektor for nyskaping og regional utvikling ved HVL, Øyvind Midtbø Berge.

11.08.2025 kl. 15.00-15.45: Fører sentralisering av forskningsmidler til mindre forskning i norsk næringsliv? - Arendalsuka

Hjertehelse er ikke kjønnsnøytralt – kan e-helse bli det?

Vi veit allereie at kjønn har noko å seie for helse. Kvinnehelseutvalet stilte ei rekke "diagnosar" og føreslo tiltak for å betre situasjonen i NOU 2023:5 «Den store forskjellen. Om kvinners helse og betydningen av kjønn for helse». Likevel held forskjellane fram. Kva kan vi gjere for at digitaliseringa av helsetenestene ikkje forsterkar dette problemet, men heller bidrar med løysingar? Professor og sjukepleiar Tone Merete Norekvål (HVL, UiB og Haukeland) innleiar om temaet før det er duka for paneldebatt.

11.08.2025 kl. 18.00–18.45: Hjertehelse er ikke kjønnsnøytralt – kan e-helse bli det?

Tysdag 12. august

Møteplasser og fellesrom i by- og stedsutvikling. Betydningen av lokal forankring og samarbeid

Korleis utviklar vi gode lokalmiljø for alle? Kva betyr bu- og nærmiljøet for utdanningsløpet til unge? Korleis vekker ein den lokale gneisten for samfunnsutvikling? Rita Agdal og offentleg ph.d.-kandidat Hanne Mikkelsen set by- og stadutvikling på dagsordenen,

12.8.2025 kl. 10.00–12.00: Møteplasser og fellesrom i by- og stedsutvikling. Betydningen av lokal forankring og samarbeid | Arendalsuka

Handelsflåten i krise og krig

I krise og krig kan det raskt oppstå ekstraordinære transportbehov. Den norske handelsflåten er viktig for Noreg og NATO. Regjeringa kan derfor rekvirere skip, i tillegg til å pålegge sjøfolk og andre arbeidsplikt i krise og krig, slik myndigheitene gjorde det under andre verdskrigen. 

Høgskulen på Vestlandet og professor Sigmund Simonsen tar debatten om sivile skip og sjøfolks status i krise og krig. 

12.8.2025 kl. 13.30  14.15: Handelsflåten i krise og krig | Arendalsuka

Kvifor lukkast Trump 2.0?

Kvifor lukkast Donald Trump i mykje større grad med å få sin politiske agenda gjennomført i si andre presidentperiode? Kva konsekvensar får det? Er det berre hans forteneste, eller skuldast det eit Demokratisk parti i krise? Og ikkje minst – kor skal alt dette ende?

HVL-professor og USA-ekspert og professor Hilmar Mjelde møter kampanjesjef i Amnesty International Ingrid Westgaard Stolpestad til samtale om den ferskaste utvikling i USA. Samtalen vil bli leia av Eirik Løkke.

Arrangementet vil bli strøymt frå Bergen Næringsråd sine kanalar.

12. august kl. 15.00-15:45 Hvorfor lykkes Trump 2.0? - Arendalsuka

Onsdag 13. august

Klarer Norge å holde tritt når Europa rigger seg for konkurranse?

Europa må satse betydelig på forsking, innovasjon og høgare utdanning i åra som kjem for å kunne konkurrere med stormakter som Kina og USA. Klarer Noreg å halde tritt når Europa riggar seg for konkurranse?

Vi spør:

  • Er norsk kunnskapssektor godt nok utvikla til at heile landet kan ta del i den europeiske opprustinga?
  • Vil ei europeisk satsing på forsking og innovasjon tene Distrikts-Noreg?
  • Eller kan vi komme i ein situasjon der kunnskapsgapet mellom sentrum og periferi i Noreg blir større?

Debatten blir arrangert av VINST-alliansen (Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.) 

13.8.2025 kl. 11.30–12.15: Klarer Norge å holde tritt når Europa rigger seg for konkurranse? | Arendalsuka

Fagskolenes, universitetenes og høyskolenes rolle i Norges utdanningssystem

Regjeringa har bedt om innspel til korleis høgare yrkesfagleg utdanning skal utviklast for framtida. Medan universitet og høgskular tradisjonelt har dominert høgare utdanning, argumenterer mange for at fagskulane bør få ei større rolle.

Eit av forslaga er at fagskulane skal kunne tilby yrkesbachelor- og yrkesmastergrader. Universiteta blir utfordra for å vere for akademiske og mindre relevante for arbeidslivet, til motsetnad frå fagskulane sine arbeidslivsorienterte utdanningar. Men stemmer eigentlig dette bildet?

Bli med på debatten om framtidas utdanningsstruktur – og korleis vi best kan fylle Noregs kompetansebehov.

Debatten blir arrangert av VINST-alliansen (Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.) 

13.8.2025 kl. 12.45–13.30: Fagskolenes, universitetenes og høyskolenes rolle i Norges utdanningssystem | Arendalsuka

Lærarutdanning for framtida – utfordringar og mogelege løysingar

Lærarmangelen i Noreg aukar, og behovet for å sikre god rekruttering til læraryrket er stort. Samtidig har lærarutdanninga gjennomgått store endringar, med femårig master, nye kompetansekrav og auka søkjelys på praksis.

Korleis kan vi sikre at fleire vel læraryrket – og blir verande? Er dagens utdanningsmodellar treffsikre nok eller trengst justeringar? Og korleis kan akademia, kommunane og politikarane saman løyse denne utfordringa?

I denne debatten vil vi belyse utfordringar og mogelege løysingar innan rekruttering, finansiering, praksismodellar og innhaldet i utdanninga.

Debatten blir arrangert av VINST-alliansen (Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.) 

HVL-rektor Gunnar Yttri er ordstyrar, og arbeidsutvalmedlem i Studenttinget på Vestlandet, Inger Christin Hystad Barane, sit i panelet. 

13.8.2025 kl. 14.00–14.45: Lærarutdanning for framtida – utfordringar og mogelege løysingar | Arendalsuka

Studentenes vyer og distriktenes behov – krasj eller match?

Dei unge kjem til universitet og høgskular i distrikta for å studere. Når utdanninga er i boks, flyttar mange til sentrale strok. Distrikta blir ståande att med sine store behov for kompetanse og arbeidskraft.

Korleis kan vi snu denne trenden?

Debatten blir arrangert av VINST-alliansen (Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.) 

13.8.2025 kl. 15.15–16.00:Studentenes vyer og distriktenes behov – krasj eller match? | Arendalsuka

Ensomheten som gjør deg syk – kan Sosial Resept være løsningen? 

Einsemd er ikkje berre vondt – det er også helseskadeleg. Langvarig einsemd aukar risikoen for alvorlege sjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, hjerneslag og diabetes type 2. Forsking viser at konsekvensane kan samanliknast med røyking, alkoholmisbruk og fysisk inaktivitet. Likevel blir det gjort lite for å førebygge.

I Hordaland testar Raudekrossen og Høgskulen på Vestlandet no ut «Sosial Resept» – ei ordning der fastlegar kan tilvisa einsame pasientar til frivillige som hjelper dei ut i meiningsfulle aktivitetar i nærmiljøet. På berre 12 veker får deltakarne støtte til å bygge nye sosiale nettverk. Førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen forskar på dette og sit i panelet.

13.8.2025 kl. 16.00–16.45: Ensomheten som gjør deg syk – kan Sosial Resept være løsningen? | Arendalsuka