Roller og ansvar

Tydeleg tenesteveg og klare rolleskildringar er avgjerande for at HVL skal lukkast i arbeidet med kvalitet i utdanningane. HVL har ei rekke funksjonar som i ulik grad har ansvar for det systematiske arbeidet.

Rapporteringslinjer på fakulteta

På grunn av ulik intern organisering og delegasjon av ansvar i dei tre fakulteta er rapporteringslinjene ulike i nokre tilfeller.

På høgskulen sitt intranett (Vestibylen) ligg eit oppsummering av korleis rapporteringslinja i arbeidet med utdanningskvalitet er organisert  på kvart fakultet. 

Ph.d.- handboka for forskarutdanning skildrar dei ansvarlege rollene og rapporteringslinjer i ph.d. - programma.

Sei-i-frå

HVL har system der studentar og tilsette kan sei ifrå om forhold som påverkar læringsmiljø, undervisning og utdanningskvalitet, anten namngitt eller anonymt. Meldingane blir sende til relevant leiar, og alle som gir opp namn, får tilbakemelding. Sei ifrå systemet er eit supplement til andre etablerte kanalar i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane.

Lenke for studentar: Sei i frå for studentar

Lenke for tilsette: Compendia - meld avvik

Tilgrensa funksjonar

Nemnd for studentsaker

HVL har nemnd for studentsaker som handsamar klager om enkeltvedtak og, etter vedtak i styret, andre klagesaker for kandidatane, jf.  lov om universiteter og høyskoler § 14-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.

Skikkavurderingsnemnd

Skikkanemnda er eit lovpålagt organ, og nemnda sitt arbeid er regulert av Forskrift til universitets- og høyskoleloven, kapittel 7. Skikkethetsvurderinger.

Studentombod

Studentombodet ved HVL er ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp der studentane har tatt opp eller vurderer å ta opp tilhøve knytt til sin studiesituasjon.

Studentombodet skal sjå til at sakene får ein forsvarleg og korrekt handsaming, og at studentane sine rettar vert ivaretekne.


Kontakt oss

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no