Mennesker som jobber sammen rundt en pc

Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell

Målsettinga med denne kurspakken er å tilby helsepersonell vidareutdanning der dei er. Kursa er tilpassa alle nivå og kan takast med ulikt omfang.

Kursa kan takast av klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar, frå den ufaglærte og nye til den erfarne med lang utdanning. Prosjektet er finanisert av HKDIR og HVL og er gratis for deltakarane. Kvart kurs har 40 studieplassar.

Kursopplegg

Kursa er lagt opp med digitalt eigenarbeid og to fysiske halvdagssamlingar. Under samlingane vil vi fokusere på diskusjon og gruppearbeid. Forelesingar, litteratur og eigenarbeid blir gitt i eit digitalt kursrom. Kvar deltakar kan sjølv velje omfang av kurset avhengig av kor djupt ein ynskjer å gå i emnet.

Ein kan velje mellom desse alternativa:

  • Innføringsemne: Tilsvarar 54 timars arbeid, kursbevis
  • Grunnemne: Tilsvarar 135 timars arbeid, kursbevis
  • Masteremne: Tilsvarer 202 timars arbeid. Gir 7,5 stp med eksamen. Krever opptak.

Kursinformasjon

Sunn aldring

Er du interessert i å lære meir om kva sunn aldring er og korleis vi kan fremme sunn aldring i vårt samfunn? 

God helse og funksjon er viktig for ein god alderdom. Andelen eldre personar aukar i Noreg, som i resten av verda, og det er viktig å forstå korleis vi kan støtte opp om god aldring samtidig som vi reduserer behovet for bruk av helsetenester. Dette krev at vi finn gode løysingar for å fremme god helse og å bygge ein struktur som er effektiv og målretta i si helsehjelp. (I dette kurset kan du bygge kompetanse på kva sunn aldring er og korleis vi kan fremme sunn aldring i samfunnet vårt.) Du får eit innblikk i det teoretiske og praktiske grunnlaget for sunn aldring, til dømes tilgang til og bruk av ressursar, sosioøkonomiske effektar, diskriminering og mangfald. Vi vil og drøfte korleis politikkutvikling på både nasjonalt og lokalt nivå kan fremme sunn aldring og deltaking. 

Migrasjon- og flyktninghelse

Korleis kan du sikre at migrantar og flyktningar får god helsehjelp i Noreg?

I dette kurset kan du styrke din kompetanse på å jobbe i eit fleirkulturelt samfunn. Du får lære om korleis migrasjon påverkar helsa på kort og lang sikt og korleis du kan identifisere eventuelle barrierer innbyggjarar i din kommune har for å få god helsehjelp. Vi skal diskutere korleis ein saman i kommunen kan jobbe for at flyktningar og migrantar får god helsehjelp. I arbeidet brukar vi sentrale teoriar rundt migrasjon og helse og vi knyter eksempel og diskusjonar opp mot kursdeltakarane sin jobbkvardag i sin kommune. Vi er inne på tema som bruk av tolk, kjønn og alder, deteksjon og rehabilitering av torturoverlevande, ulike migrasjonsstadier og tverrfagleg samarbeid. 

Leiarskap innan rehabilitering

Treng du påfyll for å leie i ei tid med høg endringstakt? 

Dette kurset fokuserer på å bygge kompetanse på leiing innanfor rehabiliteringstenestene. Vi ser på ulike teoriar for leiing og korleis desse kan nyttast inn mot politikk, leveransemodellar og dei ulike rollene ein har i helsetenestene. Det kan handle om å stryke eit tverrfagleg team, sikre god tilgang og bruk av helsetenester, og sikre berekraftige tenester. I kurset kan du styrke dine ferdigheiter i å leie utvikling og endring for eit team og i organisasjonen. Å ha leiarkunnskap er viktig og nyttig på alle nivå og kurset kan takast både av den erfarne leiaren og av tilsette som ikkje er i ein formell leiarposisjon. 

Velferdsteknologi, med søkelys på eldre

Utvikling av helsetilbudet til eldre – kva har dei eldre behov for og kva teknologi skal vi velge?

I dette kurset vil du kunne bygge din kompetanse på å vurdere behov for den eldre delen av befolkninga og korleis ulike produkt, utstyr og hjelpe- og informasjonsteknologiar kan støtte opp om sunn aldring og rehabilitering. Vi ser på kva mogelegheiter digitalisering gir for ein aktiv og assistert kvardag og diskuterer ressursmobilisering med utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar i kommunane. Universell design som metode for å skape tilgjengelege og støttande omgivnader for den eldre delen av befolkninga, er ein viktig del av kurset. 

Artificial intelligence in health care

What is it and how can we make use of it? 

This course is a fully digital course in English. In this course you will get an overview of what artificial intelligence is and how we can make use of this technology within health care. We will look at how this technology and the use of it develops and discuss barriers, challenges, and opportunities. Since this is a fully digital course, there will be some synchronous digital sessions, some group work and some individual work. 

Kursstader

Primært vil vi tilby desse kursa for kommunane Kinn, Gulen, Voss og Ullensvang, og samlingar er planlagt i kommunesentra. Plassering av samlingane kan diskuterast i tidleg fase av prosjektet og vi ynskjer å ta denne samtalen med kommunane som er involvert i prosjektet.

Prosjektinformasjon

Dette undervisningstilbodet er finansiert som eit prosjekt av HKDIR gjennom programmet: «Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning» og Høgskulen på Vestlandet.

Prosjektperiode

01.11.2022 – 31.10.2026

Prosjektpartnarar

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Bergen kommune (Senter for migrasjonshelse)

Formål

  1. Å tilby ein pakke med  vidareutdanningskurs for helsepersonell utanfor campus.
  2. Utvikle eit fleksibelt masterprogram

Prosjektleiar

bilde av Maria Nordheim Alme

Maria Nordheim Alme

Fagseksjonsleiar

Prosjektskoordinator

bilde av Yaliso Yaya Balla

Yaliso Yaya Balla

Førsteamanuensis

Samarbeidspartnarar

Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Dosent
Institutt for helse og funksjon
Professor
Institutt for helse og funksjon
Seniorrådgivar
Fakultet for helse- og sosialvitskap
Seniorrådgivar
Fakultet for helse- og sosialvitskap

Senter for migrasjonshelse, Bergen kommune

  • Egil Kaberuka-Nilsen
  • Rolf Vårdal

Kommuner i Vestland fylke som er invitert inn i prosjektet

  • Kinn kommune
  • Gulen kommune
  • Voss kommune
  • Ullensvang kommune