Studieplanar, emne og pensum

Sett deg inn i studieplan, emneplanar og pensum for ditt studium. Her finn du òg informasjon om korleis vi arbeider for auka kvalitet i utdanningane.

Kan du ikkje finne ein gammal studieplan, kan du òg prøve gamle studieplanar frå Sogndal og Førde eller gamle studieplanar frå Stord og Haugesund. Du kan òg søke direkte i vårt arkiv for emne frå tidlegare år.

Pensumlister

Frå emnesida kan du klikke på lenka pensum-/litteraturliste for å finne pensum. Du kan òg logge på Canvas og velje pensumlenka under det aktuelle emnet.

Få tak i pensumbøker

Du kan skaffe pensumbøker gjennom lokale bokhandlare som Ark, Norli og Akademika. Alle dei får tilsendt pensumlistene frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan dei bestille inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane. Mange bokhandlarar har ved semestertstart også rabatter på pensumlitteratur for studentar.

Kor du kan kjøpe pensumbøker på din campus