Velkommen som ny student ved campus Stord

Vårsemesteret 2026 startar opp måndag 5. januar, men kva dag dei ulike studieprogramma startar opp kan variere. Sjekk timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.

Klikk på denne lenka for å lese handboka for nye studentar på Stord.

Sjekkliste for alle nye studentar

Følg sjekklista 'Gjer deg klar til studiestart', så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.

Få tak i pensum

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Ringo Amfi Stord og Ark Amfi Stord, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket

Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har, berre prøv!

Du er òg velkommen til å ringe Servicetorget på 55 58 58 00 alle kvardagar mellom kl. 08:00 til 15:00.