Velkommen som ny student ved HVL i Førde

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Vårsemesteret 2026 startar opp måndag 5. januar, men kva dag dei ulike studieprogramma startar opp kan variere. Sjekk timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.

Oppstart for det nye sjukepleiarkullet i Førde

Program måndag 5. januar

0915: Frammøte og presentasjon i Auditorium Førde
1100: Fadrane hentar studentane gruppevis til lunsj og omvisning på campus
1200: Velkomstseremoni i kantina

Fadderveke i januar

  • 5. januar: Fadrane tar imot studentane og gir omvisning på campus
  • 6. januar: Børdi-golf
  • 7. januar: Elvesus - samling på uteplass
  • 8. januar: Vollyball-turnering
  • 9. januar: Samling på studentkroa Akutten
  • 10. januar: Fest på Larris, Sunnfjord hotell

Sjekkliste for alle nye studentar

Følg sjekklista Gjer deg klar til studiestart, så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

Få tak i pensum

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Elvetorget, som får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

Her kan du nyte friluftslivet på fjell og fjord, gå på konsert eller engasjere deg i idrettsaktiviteter. Det er et summende liv på campus og det er enkelt å bli kjent med de andre som studerer her.


Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har, berre prøv!

Du er òg velkommen til å ringe Servicetorget på 55 58 58 00 alle kvardagar mellom kl. 08:00 til 15:00.

Servicetorget i Førde

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00