Tre studentar i samtale foran pc.

Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål om utveksling? Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om alt frå førebuing til gjennomføring av utveksling frå HVL.

Å søke om utveksling

Må eg ha gode karakterar for å dra på utveksling?

Det er ikkje eit uttalt karakterkrav for å få tilbod om utveksling.

Nokre få avtalar har krav om karakter, dette skal stå på nettsida til avtalen.

Meir informasjon kan du finne på Kor kan du reise.

Kan eg få ei rettleiingstime?

Er det ein frist for å trekke seg? Korleis gjer eg det?

Det er ingen frist for å trekke seg, men vi ønskjer at studenten seier ifrå til sakshandsamar så tidleg som mogleg.

Dersom du vel å avbryte utveksling medan du er i utlandet, må du først gje beskjed til vertsinstitusjonen din, deretter må du gje beskjed til HVL.

Meir informasjon finner du på nettsida om fagleg innhald.

Kan eg og Venn Vennesen reise i lag på utveksling?

Jamfør reglement for delstudium i utlandet tas det ikkje omsyn til studentar som ønsker om å dra saman når søknadar blir sakshandsama.

Ved fleire søkarar enn tal på plassar, får dei med best karaktersnitt først tilbod. Om du kan reise saman med ein venn kjem difor an på kor mange plassar det er ved vertsinstitusjonen og kor mange som har søkt dit.

Skal det vere infomøte om utveksling før søknadsfristen?

Internasjonaliseringsadministrasjonen arrangerar informasjonsmøter før søknadsfrist om søknadsprosessesen, kva du som utvekslingsstudent kan forvente, Erasmus+, språk, Lånekassen, og kva som skjer når du har fått tilbod om utveksling.

Internasjonaliseringsadministrasjonen arrangerar òg nettmøte etter du har fått tilbod med fokus på bolig, visum, sikkerheit og anna praktisk informasjon.

Det kan òg være informasjonsmøter på studiet ditt. Spør fagleg kontaktperson om dette.

Eg finn ikkje søknaden min i appen, kva gjer eg?

Gå inn og sjå om du har fleire søknadar inne, og vel den riktige. Om det ikkje løyser problemet, send ein epost til sakshandsamar eller til international@hvl.no

Forbered søknaden din

Når må eg fylle inn utvekslingsplan?

Du må velge utvekslingsplan i appen før du søkar på utveksling. Fristen er den same som søknadsfristen. For utveksling vårsemesteret er fristen 15. september. For utveksling haustsemesteret er fristen 1. februar.

Kva tid får eg svar på søknaden min om utveksling?

HVL har tre veker behandlingstid og tilbod vert gitt fortlaupande. Enkelte studentar får difor svar tidleg, medan andre får svar mot slutten av behandlingstida.

Kva tid får eg vite noko om kva eg må gjere etter søknadsfristen?

Du får svar på søknaden til HVL innan tre veker frå søknadsfristen. Får du søknaden godkjend får du meir informasjon på e-post om korleis du går fram for å søke deg vidare til den utanlandske institusjonen. Tidspunktet for når du får epost vil variere med når søknaden din vert behandla. Du kan og sjå prosessen i appen.

Søker du om utveksling i Europa gjennom Erasmus-programmet kan du finne meir informasjon på sida om Erasmus+.

Eg har sendt inn søknad til vertsinstitusjon. Kva tid får eg opptaksbrevet?

Kva tid du får svar frå vertsinstitusjonen avhenger av deira behandlingstid. Du bør kontakte institusjonen direkte for spørsmål om opptak hos dei.

Få på plass det faglege på utveksling

Kva for emner kan eg ta ved vertsinstitusjonen og kven kan hjelpe meg?

I dei fleiste tilfeller ligg det førehandsgodkjende emner inne i appen, men du kan og finne fag på nettsida til universitetet du vil søke til og legge dei inn sjølv. Du kan få hjelp av fagleg kontaktperson med val av emner.

Meir informasjon finner du på Slik søker du.

Kva gjer eg dersom eg må endre emner undervegs?

Vil du endre emner medan du er på utveksling, må du sjølv finne desse og få godkjent ein ny utvekslingsplan. Du gjer dette enkelt ved å gjere endringane i appen.

Erasmusstudentar må òg endre Online Learning Agreementet sitt. Les om dette i brukarrettleiinga.

Studiet mitt har obligatorisk oppgåve/praksis kvart semester. Kva skjer med denne viss eg er på utveksling?

Dersom du ikkje får på plass praksis i utvekslinga di må du ta praksisen heime enten før eller etter utvekslingsopphaldet.

For oppgåver vil det variere etter om vertsinstiusjonen kan hjelpe med oppgåva eller om du må ta den heime.

Ta kontakt med din studierettleiar.

Kva skjer om eg stryk på eksamen i utlandet?

Dersom du stryk på eksamen medan du er på utveksling uten å ta konteeksamen på vertsintitusjonen, må du ta att det tapte når du kjem tilbake til HVL. Du må sjølv undersøke med vertsinstitusjonen om dei tilbyr konteeksamen. Merk at konteeksamen i utlandet kan skje på eit seinare tidspunkt enn utvekslingperioden din.

Merk at dette kan påverke stipend og lån i Lånekassen på same måte som som om du stryk heime. Undersøk med Lånekassen kva for konsekvensar det kan få for skulepengestipendet, dersom du får dette. Får du Erasmusstipend påverker ikkje stryk summen på det. 

Slik har du råd til utveksling

Kva er Erasmusstipend og korleis får eg det?

Reiser du til Europa med Erasmus+ kvalifiserer du til å få stipend.

Stipendet får du i tillegg til støtte frå Lånekassen. Du får beskjed frå sakshandsamar om når dette skal skje. Det vil vere mellom dei siste tinga du gjer før du reiser.

Storleiken på Erasmusstipendet ser du på nettsida om Erasmus+.

Kor mykje får eg i støtte frå Lånekassen?

Alle som drar på utveksling får den same grunnstøtta som om dei var heime. Reiser du utafor Norden, får du òg reisestøtte.

Sjekk Lånekassen si nettside for å sjå kva støtte du kan få. Summane som står hos Lånekassen er for heile studieår, så dei må delast på to.

Studentar som må betale skolepengar får støtte til dette så lenge dei lastar opp opptaksbrev frå vertsinstitusjon når dei søker om støtte. Skolepengane støttes med ca. 30 % stipend og 70 % lån.

Eg har søkt om støtte frå Lånekassen, lasta opp opptaksbrev frå vertsinstitusjon, men får beskjed om at eg ikkje er registrert for utveksling i FS. Kva skjer?

HVL registrerer dei fleste studentar for utveksling i løpet av november / mai. 

Søker du om støtte før dette får du ei feilmelding frå Lånekassen. Du treng ikkje gjere noko for å rette dette. Registreringa hos Lånekassen går først igjennom når HVL har registrert det i FS. 

Får eg reisestøtte frå Lånekassen om eg reiser til ein stad HVL ikkje har avtale med?

Ja, du får støtte til skulepengar i slike tilfelle. Meir informasjon finner du på Lånekassen sine sider.

Planlegg opphaldet ditt

Kan de se over/hjelpe meg med å fylle ut søknaden min til vertsinstitusjonen?

Les nøye gjennom søknadsskjemaet og førebu deg godt før du fyller det ut. Har du utfordringar med søknadskjemaet til vertsinstitusjonen rår vi deg til å ta kontakt med dei for å få hjelp. Vertsintitusjonen har best greie på korleis skjemaet skal fyllast ut.

Når du ikkje gjennom, kan du kontakte studierettleiar på HVL.

Eg treng å dokumentere evna mine i engelsk. Kva tid bør eg ta TOEFL/IELTS-testen?

Du bør melde deg opp til TOEFL/IELTS-testen så tidleg som mogleg i søkarprosessen då plassane til desse testane ofte vert raskt fylt opp.

Erasmusstudentar kan visa til språktesten frå EU Academy, og kontakte sakshandsamar ved behov. Les meir om førebuingar for Erasmusstudentar på HVL si side reis med Erasmus+.

Finst det eit språkkurs eg kan ta?

Som Erasmusstudent får du tilgang til språktest og språkkurs om du ynskjer å førebu deg for opphaldet. Verktøya ligg på nettstaden til EU Academy. Meir informasjon får du sendt på e-post av din sakshandsamar. 

Ønskjer du å førebu deg på eit nytt språk før du reiser på utveksling kan du kontakte vertsinstitusjonen for å høyre om dei tilbyr språkkurs i forkant av utvekslingsopphaldet ditt. Lånekassen gir stipend til eit slikt språkkurs.

Det kan og være mogleg å ta andre språkkurs. Undersøk på nett for å sjå kva som er tilgjengeleg.

Er det eit opplegg for bustad i utlandet, eller må eg finne dette sjølv?

Du er sjølv ansvarleg for å finne bustad. Mange institusjonar har studentbustadar du kan nytta, men du kan òg bu privat. Informasjon om studentbustadar får du av vertsinstitusjonen.

Skal du skaffe bustad privat vert du anbefalt å reise til byen du skal vere i 1-2 veker før semesterstart, så du kan fokusere på å finne bustad før det faglege opplegget tek til.

Skal du i praksis i Afrika og Cuba på helsefag kan du få informasjon om bustad frå fagleg kontaktperson.

HVL held òg eit informasjonswebinar etter søknadane har blitt behandla der mellom anna dette gås gjenom.

Korleis får eg visum til landet eg skal til?

Du har sjølv ansvar for å skaffe deg visum til land som krev det. I informasjonsmøta HVL held før avreise får du informasjon om søknadsprosessane.

Det kan være greitt å være klar over at søknadsprosessen til Australia og Brasil er dei mest omfattande, medan studentar som skal til Sør-Afrika og USA reise til Oslo på visumintervju.

Kva tid kan eg kjøpe flybillett?

Når du har fått opptaksbrev. Aldri før det.

Endeleg opptak blir bestemt av vertsinstitusjonen. Det er difor betre å vente og få ein litt dyrare billett enn å kjøpe en «billeg» billett du ikkje får brukt.

Kva gjer eg om eg blir råka av noko kriminelt / naturkatastrofe / sykdom / terror medan eg er på utveksling?

Anmeld saka til politiet i vertslandet. Ta kontakt med ambassaden og evt. forsikringsselskap.

Meld vidare til fagmiljø og HVL (international@hvl.no).

Dersom det er snakk om større hendingar, ta kontakt med HVL sin beredskapstelefon (+47 48 11 07 00) og/eller Sjømannskirka si beredskapstelefon (+47 95 11 91 81).

På Sikresiden.no kan du finne mye nyttig informasjon om kva du må førebu deg på før utreise og kva du kan gjere dersom noko skjer medan du er i utlandet.