Organisasjon og leiing

Master, hausten 2019

Ønskjer du ei leiar- eller administrasjonsstilling innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren? Master i organisasjon og leiing er ei yrkesnær leiarutdanning.

Ut frå utdanningsbakgrunnen din vel du spesialisering innan helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing.

Du lærer

  • å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
  • korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
  • korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren

I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.

Spesialisering helse- og velferdsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Spesialisering utdanningsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Studiet har opptak annakvart år i Sogn og Fjordane og Haugesund, og annakvart år i Bergen. Hausten 2019 er det oppstart i Førde og Haugesund, og du søkjer opptak til et av studiestadene.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.

Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.

Kva kan du jobbe med?

  • leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
  • administrative stillingar som krev kunnskap om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
  • sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren

Timeplan

Førde

Samling 1:

  • 23. august kl 13–19
  • 24. august kl 9–15

Samling 2:

  • 13. september kl 16–20
  • 14. september kl 9–15

Samling 3:

  • 3. oktober kl 16–20
  • 4. oktober kl 9–15
  • 5. oktober kl 09–15

Samling 4:

  • 1. november kl 16–20
  • 2. november kl 9–15

Samling 5:

  • 29. november kl 16–20
  • 30. november kl 9–20

Med atterhald om mindre endringar.

Samlingane skal vere i høgskulen sine lokale i Svanehaugvegen 1, campus Førde (ved Førde sentralsjukehus)

Haugesund

Samling 1:

  • 16. august kl 13–19
  • 17. august kl 9–15

Samling 2:

  • 6. september kl 16–20
  • 7. september kl 09–15

Samling 3:

  • 26. september kl 16–20
  • 27. september kl 9–15
  • 28. september kl 9–15

Samling 4:

  • 25. oktober kl 16–20
  • 26. oktober kl 9–15

Samling 5:

  • 22. november kl 16–20
  • 23. november kl 9–15

Med atterhald om mindre endringar.

Samlingane skal vere i Sørhauggata 100 i Haugesund, med unntak av samling 3 som skal vere i Bjørnsonsgate 45, campus Haugesund.