Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning. Tilsette med lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, eller praktisk-pedagogisk utdanning) er og kvalifiserte. Andre barnehagetilsette med anna relevant 3-årig bachelorgrad som kvalifiserer til ansettelse i barnehage kan også vurderes for opptak.
Hvis det blir flere søkere enn antall studieplasser vil søkere som har fått finansiering fra barnehageeier for å ta studiet ved HVL bli prioritert foran andre søkere. Du skal ikke sende inn dokumentasjon på dette når du søker. For de studietilbud der det blir aktuelt med rangering vil vi ta kontakt rett etter søknadsfristens utløp for å innhente informasjon om finansiering.
Studiekode i Søknadsweb
8626
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere bevegelse, leik og utforsking i barnehagen?
I denne vidareutdanninga vil du auke kompetansen din når det kjem til samanhengar mellom bevegelse, leik og utforsking på den eine sida, og barna si heilskaplege utvikling, læring, helse og trivsel på den andre. Du vil også lære om korleis barnehagen kan legge til rette for å integrere bevegelse, leik og utforsking i ulike fagområde.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du:
- Få tverrfagleg teoretisk kunnskap om bevegelse, leik og utforsking, og ulike perspektiv på korleis desse omgrepa kan forståast.
- Lære å leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin bevegelse, leik og utforsking.
- Arbeide med å planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over tiltak for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (FLKI8106).
Målgruppe
Barnehagelærarar som jobbar i barnehage.
Undervisningsform
Fysiske samlingar på høgskulen (Campus Bergen) og nettudervisning.
Arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesningar, praktisk aktivitet, diskusjon i grupper og sjølvstendig refleksjon. Emnet vil ha obligatoriske læringsaktivitetar knytt til utøvingsarbeid i eigen barnehage.
Tidspunkt for undervisning
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs


